torsdag 24. januar 2008

My kitchen










Ein liten sniktitt inn på kjøkkenet vårt, som endeleg byrjar å bli ferdig. Likevel, det er ein god del som manglar. Så når alt er på plass, vil eg visa meir.

Ha ein kjekke dag!

Eng: A little peek into my kitchen, soon to be finished! Have a nice day!

søndag 13. januar 2008

1 år





























































Veslekongen vår vart 1 år, nå på nyåret. Festlighetene står derfor litt i kø her i huset, frå desember til nå i januar.

Burde rett og slett født ungane på litt andre tider i året... :-)

Pusen til mamma & pappa vart iallefall feira i går, litt på etterskudd, på da nesten ferdige nya kjøkkenet.
Litt alvorleg her, med "lysakruno" (sitat: storesøster) si på hovudet.


Eng: Birthday party for our little "king".



You make my day






God morgen!

Tusen takk for awarden, "You make my day". Den har eg fått av Emmelines, Something Blue og Flower Power. TUSEN TAKK!


Den skal eg gi vidare til 10 stk, så då gjer eg det, om sikkert fleire allereie har fått den. Om nokre er utelatt, ikkje fortvil. Nokre av dykk blir også nevnt i det neste ROM123... :-)


Den Gode Feen: Fordi du fekk meg til å blogga. Fordi du er ei veldig kjekk veninne, og fordi du lider av abstinens grunna leilighet utan breiband...stakkar!

Emmeline: Du får den tilbake frå meg fordi du skriv så godt, og får meg til å le.

Tussaluso: Fordi du er ein så kjekke nabo, og fordi eg synes det er så koseleg at me begge bloggar!

Karnas Hus: Fordi du er så driftig, flink å oppdatera, flink å fornya hus og heim!

Modern Country: Likar godt stilen din, bileta og at du er du! (Hjelpe meg, kunne tru eg kjenner deg!). :-)

Heimdal: Synes du, Marie, er så koseleg! Mange fine, tankjevekkande dikt og ord!
Hobbyhuset: Kjenner Merete fra før 1. klasse. Veldig kjekt å følga med kva du føretek deg heima med mann og barn!
Nei nå avsluttar eg, lista er så lang! Vart 7 stk dette, så dei tre andre kan vera akkuratt deg! Ja, deg! :-)

fredag 11. januar 2008

Dansejento




























Her i huset så er det nokon som likar svært godt å dansa, men med kjole. Går så klart ikkje "aaann å dansa UTEN kjole"! Sjølvsagt...

I dag er det dans med lilla sokkar, ettersom dei "passste te musikken". Sjølvsagt...

Så lar mammo jento få kjole på, me skrur opp musikken, og the show can begin.

Eg må også dansa ("nett sånn som meg", befalar frøken dings). Så her dansar eg (utan kjole, men med klær altså!), med malarkost i handa, sånn at kjøkkengolvet kan få andre strøk...jada, litt av eit syn!


Bilete er frå ein tidlegare danseseanse, i den flotte balletkjolen som mollo fekk av snille "tanto" på Halsnøy.

Eng: Our little dancing girl, dancing to the sound of the radio.

torsdag 10. januar 2008

Galleri Giga





















Godt nytt år alle saman!

Her er ei nydeleg skål, laga av kunstnaren Sarah Reed. Eg unte meg skåla som "julepresang", etter å ha kjøpt ein del av denne kunstnaren sine produkt, i gåver til andre. Skåla kjøpte eg på Galleri Giga, eit fantastisk galleri, vel verdt eit besøk! Galleriet er alltid oppdatert og har eit stort utval, kjempekjekk betjening og dei sel knallgod kaffi! (Seier eg som ikkje drikk kaffi...). :-)


Desse svart kvit bileta under frå Galleri Giga, tok eg til lokalavisa Sunnhordland.

Dette var mykje reklame for lokalmiljøet mitt, men litt kjekt å dela "godene" Stord kan tilby. (Ja, eg bur på Stord, men er Halsnøybu i hjarta!). :-)