Nybada og gode, vesle småtrollo til mamma & pappa.
Av og til er det så kjekt å berre ta "haugavis" av bilete av det som skjer rett framfor deg. Ettersom veslepusen er ein liten mammadalt, så er han jo rundt meg heile tida. Sjølvsagt når kameraet kjem fram så forsvinn han, men fekk iallefall tatt bilete av dei små krøllene i nakken.
Det å kunne ta masse bilete er nemleg det store plusset med digital fotografering. På eit øyeblikk så har eg tatt ein 130 bilete, heilt utan kostnad! Det er så kjekt! Eg sette sånn pris på det!
Mange spør meg om kamera og objektiv. Eg brukar eit Canon 350D, så mange av dykk har nok mykje betre kamera enn meg. For meg er kameraet eit verktøy, og eg er rett og slett mest opptatt av at det virkar. Altså, eg er ikkje så opptatt av kva kamera, utstyr osv. folk må investera i. Eg har rett og slett ikkje nok kunnskap om det.
For meg er fotografering å kunne sjå. Sjå lys, sjå komposisjon, sjå eit motiv, gjennom det vesle linseholet! Heldigvis stemmer nesten alt, nokre gonger. Heldigvis er det lettare å øva for å bli god i dag!
Skulle ynskje eg vart så god som mitt idol,
Sally Mann. Ho er ein meister, og ein fantastisk inspirasjon! Klikk på linken, og nyt!
Ha ein fin laurdag!