


Å koss eg elskar mine to små! Eg er så takknemleg og inderlig glad for at me har fått desse to unike individa! Samstundes er eg så redd for å mista dei.
I dag sa eg til "frøken grimas" (sjå bilete på toppen).
"Veit du at mamma elskar deg?". "Ja!". Svara ho, for så å sei: "Eg kan kjenna da!".
Dette diktet fann eg på ein annan koselig blogg som eg nå ikkje finn adressa til.
Det vil eg dela med dykk på denne søndagskvelden.
Tru ingen som seier at det gode livet kjem seinare.
Livet kjem ikkje, livet er.
Hold om, og hold av og ha det litt bra kvar einaste dag!
Også denne dagen.
Ynskjer alle ei god ny veke!