fredag 19. juni 2009

Lukka er

Saft i glaset. Sol på himmelen. Barbeint i graset.



Sjekk Baronessa for knalltilbod i anledning parkopning!

onsdag 17. juni 2009

Tre stk


Da er grått og vått ute.
Herlig! Seier eg, og meinar da. Da er jo så godt å vera inne!
Nå skal eg tenna i desse tre stk. stakkarsane (dvs. skjønne).
Så skal eg nyta at regnet vatnar plantene ute for meg,
og nyta at med null solskinn så forsvinn støvet...
Simsalabim...

tirsdag 16. juni 2009

Fest!


I dag datt dette bladet frå Husnes Storsenter ned i postkassen min. Det er fest på Husnes til helga, med storslagen opning av den flotte Nupen parken (Obs: parken har fortsatt ikkje fått offisielt navn). Det er ikkje mange kjøpesenter som kan visa til å ha eigen kunstpark rett utanfor fasaden! Kunstnaren Kjell Nupen har laga ein brukspark med krukker og vatn. Må opplevast! (Gå inn på linken til Kjell Nupen for å sjå krukka som eg har fotografert på desse bileta, i produksjon hjå Kjell Nupen).
BO design & foto var så heldige å igjen få oppdraget av Kvinnheringen med å fotografera bilete for reklameavisa, som altså vart distribuert i dag. Eg har (saman med min supre "hent da-hold da" - hjelpar) fotografert dansarar, spelemenn, Peppe`s etande modellar, båteigarar, båthavn, golfmenn (liggande på "greenen" med apparatet opp i "puten" -eg spelar ikkje golf sjølv, så beklagar feil term), kaniner, ungar, såpebobler og kebab! Ei salig blanding vil eg seia! Nå er avisa her, og eg synes oppslaga var fine -eg er nøgd! :-)
Så dei som vil gjera gode kjøp, samstundes som dei vil høyra på Bjørn Eidsvåg live -GRATISkonsert, dei må reisa til Husnes på laurdag. Å viss dykk reiser med ferja Skjersholmane-Ranavik, så stoppar dykk på Sæbøvik for knallgode skuleboller og kjekke shopping der og! :-)
Nedanfor ser dykk eit pittelite utval av bileta som er i magasinet.



I bøtter og spann

Innhausting av blomar, i bøtter og spann! Ei herlig tid for vasane mine -
da bugnar nemleg av blomar i den overgrodde (merk: stygt overgrodde) hagen.
Ha ein kjekke dag!

søndag 14. juni 2009

Kultursti


I dag har me vore kulturelle, med besøk på Klosterdagane og kulturstivandring. Me Halsnøybuar er vel egentlig ikkje dei flinkaste til å besøka/bruka klosteret vårt, om eg nyttar det ofte for fotografering. Heilt ærlig er det fyrste gong eg vitjar klosterdagane, om dette er 5. året det skjer... Shame on me! Eg (og sikkert fleire blant meg) veit derfor lite om klosteret sin historikk og myter.

I dag fekk iallefall me uvitande (meg) veta mykje gjennom kulturstivandringa. Den gjekk føre seg mellom offerplass, ruinar, gravhaugar, song, dans, kyr og fantastiske plassar for fotografering. Desse to øverste vart tatt på ein skjønn sti, full av hundekjeks. Digresjon: Trur nesten at dette må vera blomane for brudebuketten... (neidu, ingen bryllaupsplanar for meg -men blomane kan ein jo drauma om!).


Veret var nydelig i dag. Å godt var det å drikka saft og eta bollar ute under blå himmel, på klosterkafèen. Trur det blir fleire klosterbesøk i løpet av sommaren, men då med kanskje kvitvin i korga...?


Bilete under er eit "art by accident", men slikt likar jo eg, så her det! :-)
Her er nokre småglimt frå dans og anna i dag:

lørdag 13. juni 2009

...gratulerer med dagen, gratulerer med dagen...


...gratulerer med dagen, for du er SUPER! (Melodi: NRK superbursdagssong).


Mamma og to småtroll ynskjer at pappen i huset får ein superduper kjekke dag!


Som mollemor sa så fint: "Eg er glad i deg mamma, men eg ELSKA pappa!".
Joda, takk for den... :-)

fredag 12. juni 2009

Anbefalingar både her og der! :-)

Viss du går innom denne linken, så ser du at bloggen min er anbefalt av Side 2, nettavisen.


Men les du bladet Kamille, så er bloggen på ei anbefalsingsliste der også, saman med mange andre! Kjekt å sjå at dykk likar bloggen, og at den inspirerar på eit eller annan vis... :-)


God helg!

torsdag 11. juni 2009

Klosterdagane


Til helga er det KlosterdaganeHalsnøy Kloster. Klosteret er flittig brukt som base for fotografering for min del, både bryllaup og konfirmantar. Skal faktisk der i dag å fotografera ein familie!
Men kjekt at ein har ildsjeler som gjer at klosteret "lever" litt også, så nå er "dagane" her igjen, 5. året på rad!

Klosterdagane startar på laurdag kl. 17. Mykje musikk, dans, kultur og kunst, så vel verdt eit besøk! Søndagen (for dei som vil ta si utflukt den dagen, startar det i 13-tida). Klosteret har også ein eigen kafè desse dagane, der du kan kjøpa drikke, varm og kald mat. BO design & foto har laga plakatar, folderar, annonser osv... :-)
OBS: Klikk på plakaten for å lesa kva dagane inneheldt!

onsdag 10. juni 2009

Min dag


I dag er det min bursdag. Helse derfor til alle der ute som er født den 10. juni -me er jammen heldige! :-)
Tusen takk for alle helsingar og gratulasjonar eg har fått, både her og der!

tirsdag 9. juni 2009

Den skjønne konfirmanten!


Eg har fått lov å visa nokre bilete av den utrulig skjønne konfirmanten eg tok bilete av i dag (sjå forrige innlegg). Her er eit pittelite utvalg. :-)