Ungane (merk: storesøster) likar å teikna eller fargelegga. Storesøster malar, teiknar og fargelegg, dagen lang. Eg kjenner meg veldig igjen i ho og denne teiknegleda. Eg teikna og teikna og teikna når eg var liten. Svært stolt over endelig resultat, gav eg teikningar til mammo mi. Fleire gonger var dette responsen; " Den kan du nå kanskje ha sjølv...". *Triste augeblikk frå barndommen min :-) Eg hugsar fortsatt kjensla av skuffelse. Refusert teikning. Den svir. Men motgang gjer sterk! :-)
I dag har eg ei mykje større forståing over orda hennar mor. Kan til og med til tider høyre meg sjølv seia det samme til ungane. Om eg meinar sjølvsagt at mine ord er litt meir "pakka" inn... Men skulle eg tatt i mot alle krusedullar, raketteikningar, hus, prinsesser, teikningar av lava (15 stk nett like med kun bruk av raudt), så hadde me hatt teikningar herifrå til månen. Iallefall til taket.
Så eg tilgir mamma og gler meg over at storesøster likar å teikna. Men tillet meg å luka ut litt etter leggetid... :-)
OBS: Flagget på bilete er fargelagd av 5-åringen! Han som ikkje likar å teikna, og som mammo er bekymra over at teiknar for lite... Får sei som Ivar Aasen: Til Lags aat alle kann ingen gjera.
4 kommentarer:
Flott flagg!
Her tas alle kruseduller, rundinger, båter, måner.. ja, kruseduller i mot med stor takk. :-) At det sorteres ut noen etterhvert får så være. Det MÅ man jo. :-)
Ha en fin helg
Du har et godt poeng her;) Mitt råd er også, -ta imot, smil, oppmuntre, samle, -og så sortere ut litt i smug etter en stund. Som oftest er de mest fornøydd med de siste produktene. Det er anerkjennelsen som er viktig for å fortsette å tegne så lenge de ønsker. De utvikler seg -og forhåpentligvis kan de glede seg over sin skaperglede når de blir voksne;)
Jeg tar imot alle tegninger med positive ord, men det er definitivt en stor haug som lukes ut. Her har vi en tegneskuff hvor vi samler opp tegninger, også sorteres det ut med jevne mellomrom. Roterende galleri i kontorkroken ved kjøkkenet :)
Hehe, kjenner meg SÅ godt igjen. Her er det lillebror som produserer i enormt tempo, og han er faktisk stein god å teikna, reint objektivt sett såklart... Me tek også utrensking når han er opptatt med andre ting ;)
Eg er forresten veldig skuffa over egen innsats i går... Eg må ha vore ekstremt svolten når eg handla inn, og det einaste som fekk bein å gå på var sjokolade isen, drakk ikkje pepsi max ein gong. Dårlig Eli, drit dårlig!
Ha ein fin laurdag, Bodil :)
Legg inn en kommentar