Nå trur eg at alle dåpsinvitasjonane har komme fram til mottakar. Kryssar fingrane for det, og viser derfor litt meir av invitasjon og konvoluttar!
Dåpsinvitasjonane til veslebror er kvite invitasjonar med kun tekst. Som t.d at det blir tapas på menyen... - nammmmm...eg gler meg!!! Kvar invitasjon har eit påheng av ein svart hyssing med ein rund "lapp" i enden. På lappen er det anten spørsmål om ein vil vera fadder eller ei velkommen helsing.
Invitasjonar med sirkelforma lapp la eg opp i svarte konvoluttar. Med mi nyinnkjøpte Dymo-maskin (kjøpt på Clas Ohlson - etter tips frå Den Gode Feen) produserte eg navneklistremerker som eg klistra på konvoluttane. Dei svarte konvoluttane vart så plassert i frosta konvoluttar der adressene var handskrivne. Skjønne små lam fekk også vera med i kvar sin konvolutt. *Håpar dei søte små blir behandla godt og tatt vare på... :-)
Etter å ha pressa både lam og konvolutt oppi ein konvolutt, kunne me klistra igjen å ta på "eigenproduserte" frimerker. Frimerka har bilete av vesleguten sin søte fot. Gå inn på posten sine sider så kan du også laga dine eigne frimerker: http://www.posten.no/
Heldige meg har eigen postmann (dama) på butikken som har mitt etternamn?! Postdamo mi fekk orden på denne postsendelsen, slik ho alltid hjelper meg med alle mine postsendelsar. Det er vel ho eg kan takka for at ting kjem fram... Hei til kjekke deg! :-)
21 kommentarer:
Nydelig invitasjoner!! ♥
Vicky
Knallfine invitasjonar, Bodil! Kvar fekk du fatt i dei små lamma?
Tusen takk! Lamma er kjøpt på leikebutikken på senteret på Leirvik, men du finn dei sikkert i andre leikebutikkar! :-)
Så fine! Åsså so gjennomført!
Masse lykke te med dåpen :)
Så flotte Bodil. Kreativ as always! Vi hadde og "egenproduserte" frimerker til SA sin konf. Koselig. Eg vurdere å pynte bordene t denne konf. Med tema svart/kvit. Har tatt utgangspkt. I noen servietter fra Tine K. Får se ka det blir til :) Klem Linn.
Her blir da også svart/kvit med TineK serviettar Linn! :-)
Inspirerande til 1000! Kjempefine! Kjøpte forresten Vossatassar fleece til lillebror i dag, som han ELSKAR! Det blir ny outfit på skulen i morgon! :)Såg det ikkje før etter eg hadde lagt genser og bukse i handlekorga på coop, men tenkte BO med ein gong eg såg merket :)
klem frå Sunnmøre,
e
Heilt imponert! Nydelige invitasjoner:)
Nydelige Bodil. Lager du disse på bestilling? ;)
Lene
Det er så lekkert og kreativt!!
Nydelige og flotte invitasjonar; du boblar jo over av kreativitet!
Kosa deg og nyta dagane med vetle Hansemann og dei to andre skjønningane.
Helsing
I.T
Tusen takk Bodil , ja postdamo di d e meg ;-)). Hei t kjekke flinke deg:-) klem fra meg
Fantastiske invitasjoner, og en utrolig flott blogg! Blir kjempe inspirert! Lykke til med dåpen! Gleder meg til nye oppdateringer:-)
FANTASTIS`K!
Anne Mette
Vad fina! Vi hade dop i hösta för min lila kille :)
kolla in min blogg för inspiration i mode, inredning och PS: har just nu en liten utlotnning på G!
http://livinganddreams.blogspot.com/
/ Tess
Underbart fint!
Du verda, her var ikkje mykje overlatt til tilfeldighetane :) SÅ flotte invitasjonar, så kjekt det må vera å få desse i posten.
Ha det superflott!
Klem Eli
For noen nydelige invitasjoner!! <3
Så vakre invitasjoner! Veldig kreativt:)
NYDELIG!!!! Har du stanset ut de runde lappene selv eller gjort det på trykkeri? Det var kjempefint!!! Lykke til med dåpen. Mvh Malin
Så nydelege, og tøffe! invitasjonar! Du er herleg kreativ! Tenk om du kunne hatt "grafisk kurs", då! Photoshop eller noko, skulle gjerne ekspandert kunnskapen min der!
Mvh,
Ingrid
Legg inn en kommentar