søndag 26. september 2010

Kål i stova


Det er jo så nydelig vèr for tida, at det burde vera ei skam å vera inne. Likevel, einaste gongen eg har vore utomhus i helga var ved kjøp av lyng og kålplanter. Eg har styrt på inne (kanskje litt pga. at spysjuka var så venleg å vitja oss!) med å vaska, mala osv. Spesielt stor jobb er å vaska desse kvite sofatrekka til Ektorpen. Nå var dei det eg kallar Sebrafarga, så det var på tide! Med eit "wundermiddel" mammo mi hadde med seg sist ho var på besøk, så skal visst alle flekkar flykta med expressfart! Hmmm...me fåor nåo sjåo... :-)

Litt hausstemning er det blitt i heimen. Merkar at det er kjekkare å tutla inne, når hausten er på veg. Desse avskårne kålgreinene er litt haust for meg (dei har sikkert eit fancy navn?), både pga. at dei er fine fargen og at dei har ei fin form. Men lukta er ikkje så fin. Kål har vel strengt tatt aldri slått til som noko parfymevinnar? Roser er vel litt greiare sånn.

Heldigvis har eg opparbeida meg eit lite lager med knallfine duftelys. Dette pb lyset er kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker i sommar. Gjorde eit lite kupp då lysa var til halv pris på sommarsalget :-). Lukta er vel strengt tatt ikkje så intens at den slår deg ut, men i duftkampen mot kålen, så vinn den!

Nå er planen, i vår velduftane kålstove (!) å få på reine trekk, heilt krittkvite på sofaen... Men akkuratt nå, presis i dette sekund hyler frk Fryd at ho har klart å søla i sofaen. I den reine sofaen. Den eine som har fått på reint trekk... Ho mor til unnsetning. Å så er det vel berre til å bruka wundermiddelet ein gong til...aaaaaaaaaaaa...............

2 kommentarer:

Shus sa...

Trur ein berre kallar dei pyntekål. Fine er dei vertfall.

Men du, kem vant egentli oppvaksekostar hos deg? Eg trudde nemli at eg sku få friska opp kjøkkenet mitt med eit eksemplar :-D

Som alltid fine bilder hos deg! Og god betring til den med spysjuka....

Jes/Vita villa vila sa...

Jättefint pynt & vackra foton som alltid här, vännen!

Kram Jes