onsdag 2. juni 2010

Memory lane



Denne veska kjøpte eg for fleire år sidan, men den er fortsatt så inderlig bra!
Nå når eg tenkte å visa den på bloggen,byrja det å demra for meg...
Denne er vist før!

Ein surferunde i gamle innlegg førte meg til dette i 2007:

Veska var utgangspunktet for fargane så vart brukt i oppussing av kjellarstova vår.
Mitt knallgule bord vart kjøpt på IKEA i 2006, for 29,- kr!!!
Hugsar eg hadde veska med meg på ulike butikkar for å
finna interiørartiklar i knallgult og rosa,
men var visst litt tidlig ute...eller kanskje for sein? :-)

Forrige epoke gult var hot var når eg gjekk på skule på Voss i -92(?).
Mi knallgule tekanne (som eg ynskte meg over alt på jord),
puter og koppar er fortsatt med meg...ein eller annan plass.
Forskjellen er ein nyanse i gulen. Dagens gul er klarare enn den "forrige".
Iallefall er det mi vurdering...

Ha ein fargerik og knallgode dag!
:-) 



5 kommentarer:

Polly sa...

Gult er kult, og jeg elsker både vesken og den gule tolix-stolen.:)

Anonym sa...

Ser deg for meg i søken ette rette element.
Ja, hugsar gulfargen eg og. Var ikkje det kvitt i den?... - har faktisk hatt gule sko og jakke...skratt...kan du tru?

klem frå Putti:-)

Haust sa...

For ei herleg og sommarleg veske!

Ha ein god onsdag!

Fargebarn/Husbygger i Klepp sa...

Herlig fargerik veske og jeg digger den gule tolixen!

kamilla sa...

gult er kult :), utrolig kul fargerik veske :-) !