laurdag 30. mai 2009

Solreven


Når mammo kom heim att frå bryllaupsfotografering i ettermiddag, så hadde solreven vitja veslebror. Etter ein heil dag med sol og bading (da er jo sommar -jippi!) hadde vesle pusen sovna på sofaen.
Så knakandes god (heilt sånn objektivt, sjølvsagt!) at mammo kjenne da knitra i hjarta! :-)


Ha ein strålandes gode pinse!


Og at guten sovna på ettermiddagen gjere at han så absolutt IKKJE vil sova nå!!! Veslepusen er blitt ei lito brølapa... :-)

søndag 24. mai 2009

Lopper


Absolutt ingen lopper i blodet eller andre stadar... Var på loppemarknad på Sæbøvik, Halsnøy, på laurdag. Kjøpte denne mugga for kr. 10,-. Eg fell jo alltid for det blå, og denne ingen unntak! Så nå er sikkert nokon knallglad for å bli kvitt skrotet sitt, mens eg er nøgde med kjøpet! Håpar dei som kvitta seg med mugga ikkje angrar seg når dei ser kor fin denne vart med hageblomar i... :-) God natt!

fredag 22. mai 2009

Min favoritt


Dette (over) bilete er mitt favorittbilete frå denne utgåva av Rett Hjem. Eg er jo veldig glad i blånyansar, men dette bilete var både rått og litt blått. Å kven kunne tru at det var fotografert i Bergen? Eg byrjar faktisk å lura om eg egentlig var i Frankrike på fotoshoot... :-) Takk for kjekke motiv!


God laurdagskveld (er visst fredag- ja eg er litt ør) til alle saman! I morgon er det to stk bryllaup som skal fotograferast. Me får satsa på at dei som har dei rette kontaktane ordnar med opplett. :-)

torsdag 21. mai 2009

Sommarinspirasjon!


Nå er Rett Hjem komme i postkassen. Dei som ikkje bur i Stavanger og Bergen kan sjå bladet her -kikk i både Stavanger og Bergen utgåva, for blada er ikkje nett like!

I denne utgåva har eg fotografert sommarfest og strandliv. Sterke flotte fargar på stranda og nydelig blått i bakgården! Eg elska blått! :-) Skal visa det etterpå, for nå var det visst middag!


Snakkast!


Ha ein gode fridag!

måndag 18. mai 2009

Vossajento vår!


Her er vesle mollemor i bestemor sin Vossabunad. Bunaden nermar seg hundre år, så bunadslivet ber preg av det. Vart derfor større stas dette, for mor og bestemor, enn den som skulle gå med bunaden. Ho syntes nemlig at den var svært gammal og stygg... :-)


Mange hevdar at det må vera så lett å ta bilete av mine born, ettersom dei er så vant med å bli tatt bilete av. Jada, jommen sa eg smør! Her er tre ulike settingar der eg prøvde å ta bilete av dei to samla! Bileta talar vel for seg sjølv...


laurdag 16. mai 2009

Heia!


Ha ei glimrandes 17. mai helg!

Heia Rybak! (Seie eg som likte Butterfly mykje betre, men som nå sit å er litt stolt av guten frå Norge...).

P.S: Bilete har ingen ting med frigjeringsdag eller Melodi Grand Prix å gjera, men er meir eit "pause/nå er det helg bilete"! :-)

fredag 15. mai 2009

Kjekk ny blogg!


Stikk innom denne kjekke bloggen! Lukas og Linnea er ein kjekke barnekledebutikk, som eg likar svært godt! MAAASSSE fint! :-) Nå har dei starta blogg, slik at ein kan få nyhetene rett heim! :-)
Eg blir jo, som alltid når det gjeld klær til dei små, både frista og inspirert!
God helg til alle saman!

Bileta er lånt frå bloggen!

torsdag 14. mai 2009

Anbefalast!



Forrige innlegg kunne nok også virka som eit anbefalingsinnlegg om at dykk må besøka den nye interiørbutikken, frk.Lande. Egentlig var forrige innlegg ein anbefaling om at dykk må bruka BO design & foto...! :-)
Så derfor, (trommevirvel), eg herved anbefalar dykk alle å ta turen til vikjo! Frk. Lande er ein butikk som anbefalast på da varmaste!
Annonsa øverst fann dykk i Sunnhordland i dag, som viser at det er tilbod på puter hos frk. Lande i dag. Eg har vore der å møtt kjekke "bloggesøstre", men taut så masse at eg må tilbake for å kjøpa puter!
Ikkje nok med det (det skjer her på Stord), i dag opna enda ein kjekk butikk på vikjo, med navnet Kvist & Kvast. Der skal eg å kjøpa lavendel! Eg gler meg! :-)
MELDING frå soon to be Frue: Rebekka ynskjer seg ALT i frå frk. Lande...

onsdag 13. mai 2009

Premiere: frk. Lande


I morgon kl. 10.00 opnar frk. Lande! Endelig og jippi seier nok mange interiørinteresserte på denne øya, Stord! (Idenne byen?!). :-)


Eg fekk oppdraget med utforming av grafisk profil til interiørbutikken, frk. Lande. Dvs. at BO design & foto har laga logo, utforma skilt og vindudekor, pluss annonsemalar, gavekort osv. Grønfargen er nytta på trykte medium, mens på skilting og folie har eg nytta meir "levedyktige" nyansar som frost og klare flater. Dette for at ein interiørbutikk som er svært avhengig av vindusdisplay, må heilhetlig kunne fungera når trenda er neonrosa eller juleraud...

Butikken er knallfin! Og da er skiltinga og... hehehehehe! I går monterte mine kjekke "gutar" skiltet som dykk vil sjå inne i Bytunet. Da vart så fint! :-) Veldig fornøyd med resultatet!

Viser også litt bilete av vindudekoren som også vart montert i går. Folien har krystallar i seg, og er plassert både innvendig og utvendig i glasa. Veldig fint med den dybden det gjev, og vart kjempefint når sola blenkte i det!

Alltid veldig spennande å sjå tinga ein har designa "live". At alle mål stemmer, og at det fungerar like bra som på dataskjermen! Men eg vart nøgd, og best av alt; det vart også frk. Lande... :-)

Gler meg til opning i morgon for å sjå korleis alt harmonerar når butikken bugnar av folk!

*Har fått lov til å visa kva dykk litt kva dykk finn inne i butikken også...la deg frista! :-)



P.S: Måtte visa denne vesle foliedetaljen i eit smaaaalt vindauga...så skjønn... :-)

søndag 10. mai 2009

Tine K


Eg er så nøgd med eit av mine innkjøp hos AC-Home på Kleppestø, Askøy! TineK er eit merke som eg likar svært godt. I København sist sommar såg eg ein lampeskjerm som eg ikkje gløymte (alt som brenn seg fast på netthinna av la oss seia uvesentlige ting -hahaha). Lykka var stor når ein på Kleppestø dett inn i eit TineK himmelrike, og ein finn både lampeskjerm og anna!!!
*
I dag tente eg derfor lys i mi nye lykt, plukka inn nokre kvister frå kirsebær (eller er det moreller?) treet i hagen og plasserte i mine gamle IKEAvaser. "Faktisk så kooooselig" syntes frøken Dings, som seier faktisk i annankvar setning. Ettersom me er i kvinnelig fleirtal i helga (han far er til fjells) så måtte minstepoden nikka samtykkande, mens han pressa ut at da va "nuuudelig..." :-) (Miljøskadd...?).
*
Hadde ein kommentar for nokre innlegg sidan, om eg kunne anbefala interiørbutikk på Stord og omegn. Det skal eg gjera! Byrjar derfor med omegn:
Eg anbefalar dykk absolutt ein tur ut til Kleppestø, for forutan AC-Home, finn du også Ren Lykke (ja, navnet lyg ikkje -eg vart iallefall lykkelig!)...og nyyydelig sjokoladekake hos Fru Luna... Meir om desse ein annan dag! :-)
Fleire anbefalingar frå meg kjem! :-)
*
Ha ein gode søndag!

fredag 8. mai 2009

Skjønt!



I morgon kl. 12 er det opning på denne utstillinga til Lise Simonnæs her på Stord. Eg fekk den æra å møta denne skjønne kunstaren i dag, og fekk sjå ein sneakpeek av utstillinga. Både kunstnar og utstilling er skjønn! :-)
I morgon (som sagt) er det opning og dykk som vil møta Lise Simonnæs bør ta turen. Ho bur og jobbar i Oslo. Stord Saksofonkvartett underheld og det blir servert forfriskningar! Kjekk laurdagssyssel for familien!

God helg frå Bodil-utstillingsannonsør! :-)
(Gjort gratis i glede over alle gode kreative krefter!?!).

måndag 4. mai 2009

Kjøkkentankar

I går var me på søndagstur som så mange andre. Diverre er ikkje me bitt av gåbasillen... Me kjøyrte nemleg på søndagstur! At me hadde behøvd å gått, ja, så absolutt. Likevel, turen i går gjekk i bil. Opp og ned fjellsider, åsar og haugar. La oss kanskje kalla det sightseeing!?

På vår kjekke (var nemlig veldig koselig, iallefall inntil me krangla om rygging med eller utan speil! :-)) søndagstur stoppa me for blomsterplukking. At minstemann då var sovna i baksetet innskrenka blomeradiusen litegrann.
Men kvitveisane på bilete vart altså plukka i går (framfor bilen -dvs. venstre dekk). Nå står dei i tekanna/kaffikjelen min (frå House Doctor), som eg kjøpte tidleg i vår på Halsnøy.

P.S: Endeleg er bladhylla vår oppe på kjøkkenveggen! Fekk den til jul av snill svigerinne & svoger. Tusen takk! :-)

Ha ein gode kveld!

laurdag 2. mai 2009

Fest, dans og moteshow

I dag er det fest, dans og moteshow på Husnes Storsenter! Bileta som er brukt i marknadsføringa av denne kjekke dagen, har eg tatt på oppdrag av Kvinnheringen.

God laurdag, med eller utan fest, dans eller moteshow, til dykk alle saman!