fredag 3. juli 2009

Koppebrett?


I går var det nattope med mange gode tilbod. Eg kjøpte meg dette brettet på frk. Lande som sikkert kan nyttast til mangt, men som eg syntes passa som eit "koppebrett".

Lett å bera inn og ut haugar av koppar og glas nå...hmm det får meg til å tenka på at brettet med alle koppane faktisk har stått ute i natt...i lag med haugevis av puter, klede og leiker. Kunne det ikkje berre gått inn sjølv?
Ha ein flott sommardag!

torsdag 2. juli 2009

In love


Mammo er rett og slett forelska i denne vesle karen! Nyklipt og god! Han vart så "stooor gutt" etter at mammo tok fram saks og maskin og klipte han. Smask!
Litt forelska i deg og papsen... :-)

onsdag 1. juli 2009

Knip!

Eg leita etter eit bilde i gamle filer i dag, og kom over dette av trultemoro vår. Åååå koss eg kjenne at eg får lyst å bita og knipa i dei kjakane! (Ikkje sånn at da gjere vondt altså -berre nesten :-)).

Ha ein god dag!



tirsdag 30. juni 2009

Dill


I morgon opnar Dill! Skiltet som er i "børsta" stål (samme look som bestikk) vart levert av meg og hengt opp i dag. Som dykk sikkert får inntrykk av på skiltet, på Dill kan dykk kjøpa mat -god mat!
Lykke til med opning! Håpar mange går på dill... :-)

mandag 29. juni 2009

BA laurdag


"Opplev lykken på Kleppestø" var navnet på denne heilsides annonsa i BA på laurdag. "Verkstedet" på Kleppestø har nemlig nyoppussa lokaler til leige, midt i kremen av kjekke butikkar. Fantastiske lokaler midt i ein "oase" av feel good butikkar, som t.d "AC Home" og "Ren lykke". Vel verdt eit besøk! På anbefalingslista mi! :-)

BO design & foto var den heldige som fekk laga annonsa.


Ha ein knallfin sommarkveld!

søndag 28. juni 2009

Business and pleasure

I dag har me vore på open dag på Aker Solutions, Stord. 90-års jubileumet vart feira med omvisning, masse godt å eta, dåp av plattform og Vamp-konsert.


Personlig så var det også kjekt å sjå bileta mine montert på veggane i adm. bygget. Dykk hugsar kanskje dette oppdraget her, som eg hadde for ei tid tilbake. Det utvikla seg til meir, og har nå førebels enda i 7 stk. bilete på lerret og brosjyrar. I går tidlig monterte me bileta, så i dag vart det på ein måte "galleriopning" med tusenvis av besøkande. (Jada, alle kom for å sjå bileta...Vamp og gratis is lokka ikkje...). :-)

Ha ein herlig sommar-søndags-kveld!


P.S: Hei , hei til dåke to damer! Kor møtes me neste gong? Hehehehehehe... :-)

Ein ferjetur




Me er flittige brukarar av ferjo. Heim til Halsnøy krev ein ferjetur. Heim igjen til Stord likeeins. I dag har me vore i farmor si strand på Halsnøy. Kjekt med ei farmor som har eiga strand og ein besse som er badevakt! Fantastisk herlig i sjøen! Varmt! Pisselunka som me ville sagt om me var 10 år... :-)

På ferjeturen heim seint i kveld (leggetid kl. 19 vart kansellert, ettersom me fortsatt låg å duppa i sjøen), fekk ungane dansa, springa og spretta i den svale vinden. Mammo satt i bilen og knipsa med pappa sitt kamera -eit spennande kamera ettersom alt blir så blått...


God natt!



fredag 26. juni 2009

Mitt gule kule bord...




Mitt nye, gule, kule bord har nå fått plassen rett utanfor kontordøra mi. Dei tøffe zinkskålene (er faktisk tre stk.) fekk eg til fødselsdagen min -Tusen takk! (Dei er kjøpt på frk- Lande). Blomane er sjølvplukk frå hagen. Bokstavane (dei på veggen) kjøpte eg på Sæbøvik Gåver & Leiker. Små bokstavane er frå Havna Interiør. Korga under bordet er kjøpt på Kvist & Kvast. Og bordet -det er ekta IKEA!
Ja, veggen treng maling, men eg likar denne flassa looken... :-)

torsdag 25. juni 2009

Ein bussjåfør...


Får ikkje desse korta fram minnene? Eg hugsar iallefall den nederste bussen på busskortet. Spesielt setet framme attmed sjåføren. Draumen var å kunne sitja der!
Korta som kom frå trykkeriet i dag, er knalltøffe og vekkjer minne hjå alle eg har vist dei til i dag! Det er mogeleg å kjøpa dei hjå min kjekke kunde, Sunnhordland Museum, som i desse dagar opnar HSD-utstilling. Korta kan kjøpast også som plakat -minstemann har allereie ein på veggen sin! :-)

lørdag 20. juni 2009

Alle ♥ gledar seg

Nye tilskudd til verda, bursdagar, helg og bryllaup!
Ikkje anna å seia enn at alle gledar seg!
Gratulera!
:-)