Fest i heimen i går!
Me feirte pappen. Me feirte mammo. Me feirte kvardagen!
20 store og små var samla på grilling/kreps og champagne!
:-)
Pynta med blått, ettersom eg har eit skap fullt.
Ein mix av ulike skåler, fat og mugger.
Var kjekt å ta det "blåe" fram etter gammalt. Ting skaper minner. "Bilete" frå studietida dukka opp når den blåe mugga frå Habitat kom fram. Blåe tallerkenar tok meg tilbake til studielivet i Bergen.
Nå er det restekalas!
(For mor, far og lillemann).
:-)
*Trur jammen eg må laga to innlegg frå denne festen - for det er SÅ mange bilete!