Me jaktar på lyset
På nye plassar
På solnedgang
På blomsterenger
På det fine
Tre stk. ungar ute med mor på eventyr. Ei mamma (med diverre kun to armar) som skal handtera tissetrengte gutar, småjenter som ikkje likar bustete hår og små babyar som synes at å bli kledd som ei kanin er nå nett sånn passe gøy...
Men så har me det litt sånn gøy. Om mammo er svært myndig når beskjedar skal nå inn til femårige gutaøyre. Om tårene sit laust hos ein liten baby som vil eta gras, men diverre blir nekta den gleda og plassert i ei bøtte. Om vinden er kald og armane blir litt kalde.
:-)
Til slutt ei helsing til pappen som er vekkreist på jobb:
Hei pappa!
Me er veldig glade i deg!
Klem