I dag kom det M A N G E barnehageborn på besøk til oss. Avdelingen til storeguten har noko som dei kallar MinTur. MinTur betyr at dei små får kvar sin dag der dei vel kvar dei skal gå på tur. Dei fleste velger dermed å gå heim, for å visa kvar dei bur. Min son, ingen unnatak! I dag vart det litt "VårTur", avdi besteveninna til godguten er næraste nabo og går i samme barnehageavdeling. Kvar valgte ho sin tur...jo sjølvsagt, heim! :-)
Derfor tok eg i mot to stk. krye og gjørmete bestisar som viste fram heimane sine (hagen). Ungane var ute i sola og leika med litt Duplo, mens dei koste seg med kjeks, frukt og forfriskningar.
Det er ikkje forventa at foreldra er heime eller tilberedar noko, når MinTur blir arrangert. Sidan eg er heima i mammapermisjon så er det vel akkuratt nå eg kan ta meg tid til slikt. Eg heiv derfor ut pledd og puter så ungane kunne sitja på, pynta litt her og der. Enkel og billig moro som sugerøyr og mine små flagg (innkjøpt i Nederland for nokre år sidan) gjere alltid suksess. Plutselig blir appelsina ei festappelsin! Må sei at eg var litt på kanten fargemessig...ein ufattelig mix som på eit tidspunkt skjerte litt i augene! :-D
Kjenner meg pittelitt trøtt nå - det er godt det er kveld. Kjenner at det siste storebror sa før leggetid i kveld ikkje var rett tidspunkt for mine øyre: "Mamma, detta e`berre bjynnelsen - nå bjynne dei på neste runde!"... :-D