mandag 10. januar 2011

Tine K




Eg fekk desse utrulig fine Tine K lysestakane til jul.
Ikkje hadde eg sagt høgt at eg ynskte med sånne, men eg har alltid syntes dei er SÅ fine!
Gleda var derfor stor når eg opna gåva, og fekk heile 4 stk!
TUSEN takk!

Ha ein knallgode jobbemandag!
*Ein av dei beste dagane i veka synes eg. Heilt ærleg faktisk!

søndag 9. januar 2011

Rydde vekk jula problem





Dei fleste har vel fått vekk jula nå. Her er det fortsatt juletre, julemusikk i cd-spelaren, god jul i vinduskarmen og julepynt både her og der. Men eg har byrja! For eksempel har eg så smått byrja å få juletinga mot kassene. Altså ikkje oppi kassa, men nesten - nemlig mot dei... Problemet fortonar seg slik at når eg samlar saman t.d raude juleting med epler og anna, så synes eg at nett dette vart litt dekorativt. Så får det stå litt sånn, mens kassene skrik etter innhald. Det seier seg sjølv at denne måten å rydda vekk jula blir ein særs langdryg affære.

Derfor: Nå skal eg rydda! De må ha ein gode søndag!
*Her er det storm ute (eg ser på det som ein storm - er ikkje bekrefta av vèrvarselet) og derfor svært godt å vera inne!

fredag 7. januar 2011

Årets julekort!


Årets julekort 2010 
med tema
Reisen til julestjernen

Julekort 2010 førte til at me drog med oss ut ungar, kanin og sopplampar, lykter, støvlar og småsko for å fotografera til årets kort. Eg hadde "Sonjas song til julestjernen" på repeat i hovudet for å oppnå sjølve eventyrkjensla...(har faktisk vore vanskelig å blitt kvitt den songen i frå mine hjernefiber).

Rollefordelinga var enkel:
Veslebror: Ein lur og skjønn liten nissegut, som skulle luska og tuska rundt omkring
*Nissehua frå MeMini har vore heilt super, både i bruk til julekort, i barnhage og til julebukk. Tusen, tusen takk! :-)
Storesøster: Prinsesso! Ingen andre som krev den rolla i heimen vår! :-)
Strutteskjørt i gull kjøpt på Berthas har vore ein hit! Kor mange gonger kan ein svinga rundt og rundt utan å bli lei? Hmmmm...trur det er uendelig!
Pappa: 1.fotoshoot: Statist, bærar, sjåfør og han som måtte varma kalde tær... 2.fotoshoot: Lykkelig langt vekk frå heile greio, på jobb!
Mamma: Fotograf og grafisk designer, samt lokkedama (berre 2 sekund til, så skal du få litt godt) og kjeftemamma (du får ikkje godt når du oppføre deg sånn...) :-)

Eg skal visa heile kortet over helga! Det ligg nemlig fortsatt ein del kort igjen som ikkje er blitt sendt... Viktig å følga julatradisjonar - nemlig!

God Jul!
:-)

torsdag 6. januar 2011

Årets (fjorårets) juletre


Glade Jul
Her er det fortsatt jul i stova. Juletreet står nett likt som det stod for ein månad sidan.
Kjenne at nå er det nok...

Etter ein kikk i den siste utgåva av ELLE Interiør (kom i posten i går)
fekk eg iallfall lyst å få ut alt, å inn med noko nytt, kjekt og tøft!

I dag er det julebukk her. Då skal eg kvitta meg med snopet i huset.
Kanskje eg skulle gitt julebukkane eit juletre og litt gammalt interiør i samme slengen?

I`ll try
:-)

onsdag 5. januar 2011

Bursdagsfest


Happy
B  I  R  T  H  D  A  Y


I går vart veslepusen vår 4 år. Den vesle store guten vår gledde seg sååååååå mykje. Klokka 05.10 var han vaken og illsint! Ei svært søvning mamma snubla inn til han for å finna ut av kva i all verda som var på ferde. Den sinte bursdagsguten lurte på kor tid me hadde tenkt å vekka han! Han ville ha bursdag...  :-)

Bursdag vart det, med muffins og lys på sengekanten, vel og merka eit par timar seinare... Super feiring i barnehagen, henting tidlig av besteforeldre og pappen for enda meir feiring heime. Rett og slett ein koselig dag, med tidlig bursdagsmiddag og besøk resten av dagen.

Den 4. januar er kanskje ikkje den datoen der ein er sånn veldig klar for fest og basar... Pittelitt lei av kaker, snacks og jubalong...kanskje? :-) Jaja, mammo hadde vore tidlig ute i forhold til innkjøp av bursdagshattar og anna. Innkjøpt i Nederland i mai på HEMA. 
Fornuftig! Rett og slett knallfornuftig! :-)

tirsdag 4. januar 2011

Hipp Hurra!


Skjønne, tøffe, sterke, snille,
artige, tullete, løgne,
store og vetle guten vår
er
4 år
i dag!

Smask til deg
frå mamma & pappa
+ storesøster