Så forelska. Så glad.
Begge to svarte JA!
♥
Dette var meldinga me sendte til familie og vener den 9.9.11.
Meldinga kom i frå to lykkelige sjeler, i Manhattan, New York!
Utan at nokon visste det, så gifta me oss! :-) Etter 12 år i saman så vart det vigsle i den byen som me aller fyrste kveld me møttes, snakka om å reisa til.
Ikkje noko kvit brud her - kjolen frå Calvin Klein var svart, og kjøpt to dagar før vigsla.
Brudebuketten (som overlevde å reisa over Atlanterhavet, heim til Norge - sjå bilete) vart kjøpt på ei is/pizzasjappe. Ein kvit hårstrikk frå storesøster bandt den saman! :-)
I skinande sol kjørte me med gul NY taxi til City Hall. Der i mylderet av ventande brudepar møtte me eit skjønt mannlig par frå Manhattan. Dei vart to supre vitner, som gjorde dagen enda meir uforgløymeleg! Med Broadway som arbeidsplass, så kunne dei verkeleg applaudera! :-)
Bryllaupsfotografen var storesøster som er 6 år. Med sitt nye kamera gjorde ho jobben! At pappen manglar halve hovudet på dei fleste bileta, skit me i! :-)
Nå er me happy & nygifte.
Feber og halsevondt betyr liksom ikkje noko!
♥