Det er ikkje så kjekt å herma. Men av og til MÅ me...
Ved forrige oppdrag for Rett Hjem besøkte me denne personen si fantastiske hytta.
Fotograf (meg) og journalist fall pladask for (blant anna) tv-skapet i hyttestova.
Eg fall sånn at eg måtte spørra om eg fekk lov til å herma!!!
Hermetut. Hermegås.
Kall det kva du vil!
Eg fekk nemlig lov
-Ja, berre herm, var svaret!
:-)
Etter endt oppdrag for dermed ferden direkte til IKEA. (Ja, vart du og overraska nå?).
Dette er nemlig eit IKEA-skap!!!
*Solgt i brunfarge med andre knottar, vel og merka!
Så til den triste delen av denne historien:
IKEA sel ikkje slike skap lenger!!!
Så til den positve:
Frå å vera halvdeprimert etter ein intens søk hjå IKEA,
vart eg svært lukkeleg etter ein rask søk på Finn.
I Stavanger var det nokon som faktisk ville kvitta seg med mitt ynskje nr. 1:
Det ultimate tv-skapet!
Dagen etter fotooppdraget, var eg (hermegåsa) dermed eigar av
samme skap som eg hadde beundra så grenselaust dagen før!
*Ferden heim frå Stavanger tok eit knallkjekt brudepar seg av!
Tusen takk til dåke, atter ein gong!
Til slutt eit bilete som viser kva skapet rommar:
Fjernsyn, DVD, decoder og alt slikt "skit" som er herlig å lukke inn!
*Nå må det seiast at eg er nok den største tv-slaven her i huset. Hadde det vore opp til min kjære, så hadde nok desse dørene vore konstant lukka.
Tusen takk for at eg fekk lov til å herma!
:-)
P.S: Eg har tenkt lenge å blogga om dette skapet, ettersom det er nokre månedar sidan det vart sett på plass, ferdigmåla. Nå har eg lovd den gode feen å blogge meir interiør! I promise! ;-)