Veldig kjekt å bli invitert på kaffibesøk. Så kjekt at eg vil oppmuntra alle til å invitera nokon du kjenner på eit godt, gamaldags kaffeslabberas! Ingenting er vel som lukta av nybakt gjærbakst og kaffi* brus i glaset, i ei varm og god stove!
*Kaffien er eg enda ikkje byrja heilt med...blir liksom ikkje så god på det! Men å eta gjærbakst, da er eg jysla god på! :-D
Den snille dama som inviterte BO med barn på knallgode horn (fylte med ei blanding av melis og vanilje - vatn i munnen) og kringle, har også blogg. Klikk HER, så kan du besøka ho! :-)
Som dykk ser så syntes storesøster det også er særs kjekt å få servert heimebakst! Ho har jo ei mor som ikkje er så god på det, ettersom det med heving er så lite spennande og tek så grådig lang tid... Men da gjere da - tar ALL for lang tid!
*Kjolen storesøster har på seg er kjøpt på Lukas & Linnea, faktisk på 50% tilbodsstativet! I like! :-)
Viss de synes at bordet i bakgrunnen var litt tomt, så hadde det sin grunn i at eg tok med meg begge borda til vertinna heim. Ikkje sånt eg plar gjera, men heilt sant - to bord vart med på tilhengaren heim (pleier heller ikkje å kjøra rundt med tilhengar, akkuratt den kom mannen med :-) )! Lovar å ikkje gjera det viss du inviterar meg heim på besøk! :-)
G O D N A T T !