søndag 19. august 2012

R I D D E R


Riddersporen frå hagen er komme inn, som alltid i august.
Når regnet legg den flat, så må den reddast!

God og dorsk søndag,
til alle mann!



lørdag 18. august 2012

F R E D F U L L



Ynskjer at alle har og får ei fredfull helg!

*Denne vesle skjønningen gav meg verdens beste sutrelippa!
Å bli plassert oppi ei kurv er ikkje berre fred og hygge, nemlig!
:-D

tirsdag 14. august 2012

S U N




Sol ute, sol inne.
Sol i hjertet,Sol i sinnet,
Sol, bare sol.

I solnedgang fotograferte eg denne nydelige skulejento, saman med to skjønne brødre. Fotograferte ho også med skulesekk og nye skuleklede. Ein stolt 1. klassing, så tannlaus og god!  :-)

Eg er tilbake i full jobb igjen etter permisjonen. Mange oppdrag og full fart! Som alltid er det ei sann gleda å møta så mange skjønne ungar! Ingen er like, alle er rett og slett heilt unike! *Har tre stk. unike og ulike sjølv. På godt og vondt! :-)


*P.S: Eg gløymer ofte å spørra om eg kan ta å legga bileta ut på bloggen - denne gongen hugsa eg det. :-)
Men har mange nydelige prinsar og prinsesser på lur...

fredag 10. august 2012

G O D * N A T T



G O D  N A T T
min skatt

♥♥

DAGENS PRINS - 14 DAGAR NY

*Snart leggetid for alle små prinsar og prinsesser der ute! :-)

tirsdag 7. august 2012

E N G



Herlig brudepar i
blomstereng!

*Eg var så lykkelig når eg "fant" denne enga. Egentlig rett i glaninga på meg og alle andre, men likevel ganske så "urørt". Diverre er enga i dag gravd opp. Måtte nesten svelga klumpen i halsen når eg såg gravemaskinane og lastebilane... Men det fins fleire enger, og heldigvis vart dette brudeparet med meg slik at både dei og eng vart foreviga! For alltid! :-)


mandag 6. august 2012

B R I D E



Bilete av ei vakker brud,
nokre minutt før ho skulle av stad til kyrkja.

Rolig, litt spent, veldig lykkelig og glad!

*Bruda klarte faktisk å synga til sin kjære ved alteret!
R Ø R A N D E

Bileta tok eg på Halsnøy Kloster.

onsdag 1. august 2012

H Y T T E T U T T E T E I



Ferien er over.
Ein rolige og gode ferie for heile gjengen.
Me mimrar med nokre bilete frå hytta vår.

G O D E  D A G E N



fredag 13. juli 2012



Vakre brudepiker frå eit av sommarens bryllaup,
fotografert av Bo design & foto.

Eit fint pausebilete
frå meg til deg
i desse ferietider.


G O D  S O M M A R
:-)




tirsdag 26. juni 2012

G J E S T E B L O G G A R


Eg er gjestebloggar på
INTERIØR & BOLIGMESSEN
i dag!

Klikk HER
så kan du lesa og sjå
masse fleire bilete
frå dette inspirerande
uterommet!

* Håpar du skal på messa! Kanskje me treffes? :-)



fredag 22. juni 2012

D Y R



Eg har fått nokre mailar ang. dyra me brukte til dåpen til minstemann. Dyra vart brukt som bordkort og som litt pynt både her og der. Fortsatt står dyra framme i stova vår. Inni favoritten min i mange år, Tine K lykta (kjøpt på AC Home), står nokre dyr i ring rundt lyset. Kjekke dyr som krever lite stell...:-)

Dyra kjøpte eg på ein leikebutikk. Det var 6 stk dyr i ein pakning (sau, geit, esel, hest, ku og stut). Det fins masse fine og ulike leikedyr i butikkane nå for tida. Valget fall på desse for min del, grunna dyra sin størrelse og ein OK pris. Dyre dyr eller billige, fargen måtte endrast! Dyra vart dermed spraymalte kvite. Ein jobb pappen tok seg av - heldigvis!

Nå er det fredagskveld med ein sveip av laurdagsfølelse! God kveld! :-)