søndag 10. juni 2012

fredag 8. juni 2012

W E D D I N G



Det er
B R Y L L A U P S T I D

Her er eit av mine
mange skjønne par!



torsdag 7. juni 2012

S P Å



Det er spåtid!

Ingen slepp unna, heller ikkje vetlebror.
Hans spåresultat vart KUL,
etter at han måtte velga både tal og farge.

Korleis han formidla dette veit berre mellombror.
Han hevdar nemlig at minstemann kan seia nokre ord,
som t.d REKA!

:-)



mandag 4. juni 2012

søndag 3. juni 2012

H U R R A


H I P P  H U R R A

for Bestemor
(mi mamma)
som har bursdag i dag!

Storesøster er bestemor sin bestevenn
og er oppkalla etter ho.
Stas for liten og stor!


*For du som lurte, skjørtet er kjøpt hos www.samsofie.no :-)

torsdag 31. mai 2012

H U N T I N G



Me jaktar på lyset
På nye plassar
På solnedgang
På blomsterenger
På det fine

Tre stk. ungar ute med mor på eventyr. Ei mamma (med diverre kun to armar) som skal handtera tissetrengte gutar, småjenter som ikkje likar bustete hår og små babyar som synes at å bli kledd som ei kanin er nå nett sånn passe gøy...

Men så har me det litt sånn gøy. Om mammo er svært myndig når beskjedar skal nå inn til femårige gutaøyre. Om tårene sit laust hos ein liten baby som vil eta gras, men diverre blir nekta den gleda og plassert i ei bøtte. Om vinden er kald og armane blir litt kalde.
:-)




Til slutt ei helsing til pappen som er vekkreist på jobb:
Hei pappa!
Me er veldig glade i deg!
Klem

onsdag 30. mai 2012

S A L T E * T Å R E R



Kveldsbad i sjøen.
Tre lukkelege ungar.
Mor ser på.
Tørr ikkje.
Pysa.
Synd me blir vaksne.
Frydefullt kaldt er blitt kaldt.
Altfor kaldt.
Fristar ikkje kaldt.

Eg er blitt den vaksne som ser på.
Huff.
Skrekk og gru.
Den eg aldri skulle bli.

Tankar og salte tårer ved sjøkanten,
Bodil 38 år.



F L O W E R * P O W E R



Flower Power

:-)

(smilefjes med raud leppestift)




tirsdag 29. mai 2012

B J Ø R K E T R E E T




I går låg me under bjørketreet. I dag fyrer me med bjørk ved.

Brrrrrr...så kaldt!

G O D  T I R S D A G!