tirsdag 22. mai 2012

G N I S T R A N D E



Eit
G N I S T R A N D E
f y r v e r k eri

A E I N  B U R S D A G

:-)

Sjekk
Rett Hjem


Foto: BO design & foto




mandag 21. mai 2012

S T A R





V Å R  V E T L E  S T A R

...på alle måtar!

Vetle pompen er blitt stor pomp.
Heile 6 mnd.
I dag har han fått vaksine i begge lår.
Store tårer på runde bollekinn.

Her er me nett komme heim, og pusen er
lettare bekymra over kva som nå skal skje! :-)

På hovudet har han stjernehua si.
Stjernehue nr. 2.
For stjernehue nr. 1 forsvant.
Derfor måtte mammo kjøpa stjernehue nr. 2.
I går dukka stjernehue nr. 1 opp igjen.
Vetlepompen har derfor 2 stjernehuer.
Da kan jo bli litt kaldt...liksom...
:-)


*Stjernehue kjøpt på Litle Blå. Selebukse og body kjøpt på Lukas & Linnea.
Alt frå ein av mine favorittar innan barneklede, Mini A Ture!

søndag 20. mai 2012

lørdag 19. mai 2012

R E N E S S A N S E






Det er andre gong er har kjøpt nellikar i vår. Prøver å lika blomen som stakkars liten, har blitt ein "begravelsesblom". Eg ynskjer at nelliken får sin renessanse! Viss ein ser på eldre bryllaupsbilete, så ser ein ofte nelliken som brudebukettblom. Ein eldre skjønne mann (som sikkert ikkje lese bloggen min, men da gjere den kjekka dotter hans :-)!) kjøpte kvart år nellikar til kona si på bryllaupsdagen deira. Blomen var den finaste han visste, og minna han om brudebuketten deira... Var ikkje da rørande og skjønt!

Men fins det blåe nellikar? Det lurte eg litt på når eg såg desse i butikken. Heiv dei med meg likevel, innpakka med vatn og papir. Var jo 17. mai og  Norge i raudt, kvitt og blått. Svaret er enkelt. Nei, det fins ikkje blåe nellikar (iallefall ikkje desse som eg kjøpte). Spraymala blåe nellikar fins derimot. Ettersom buketten låg litt henslengt i bilen, så vart litt ulikt anna også spraymala blått. Å dette var ikkje ting og tang som passa inn i  kategorien raudt, kvitt og blått...

Konklusjon: Gjenfødelse av nellik: JA. Gjenfødelse av spraymala nellik: NEI.

Ha ein knallgode laurdag - gå i din lokale blomsterbutikk å kjøp deg nellikar - men kanskje utan maling... :-) 

*Bilete i frå kaffibordet på 17. mai. Tine K vase med blåe nellikar kjøpt hos Ølen Møbler. Green Gate servise kjøpt på Sæbøvik Gåver og Leiker.


K I D S


Ungane (merk: storesøster) likar å teikna eller fargelegga. Storesøster malar, teiknar og fargelegg, dagen lang. Eg kjenner meg veldig igjen i ho og denne teiknegleda. Eg teikna og teikna og teikna når eg var liten. Svært stolt over endelig resultat, gav eg teikningar til mammo mi. Fleire gonger var dette responsen; " Den kan du nå kanskje ha sjølv...". *Triste augeblikk frå barndommen min :-) Eg hugsar fortsatt kjensla av skuffelse. Refusert teikning. Den svir. Men motgang gjer sterk! :-) 

I dag har eg ei mykje større forståing over orda hennar mor. Kan til og med til tider høyre meg sjølv seia det samme til ungane. Om eg meinar sjølvsagt at mine ord er litt meir "pakka" inn... Men skulle eg tatt i mot alle krusedullar, raketteikningar, hus, prinsesser, teikningar av lava (15 stk nett like med kun bruk av raudt), så hadde me hatt teikningar herifrå til månen. Iallefall til taket. 

Så eg tilgir mamma og gler meg over at storesøster likar å teikna. Men tillet meg å luka ut litt etter leggetid... :-)

OBS: Flagget på bilete er fargelagd av 5-åringen! Han som ikkje likar å teikna, og som mammo er bekymra over at teiknar for lite... Får sei som Ivar Aasen: Til Lags aat alle kann ingen gjera. 



fredag 18. mai 2012

S O M M A R F U G L


Denne fine sommarfuglen såg du kanskje i forrige innlegg (to innlegg på samme dag - det er lenge sidan!)? Sommarfuglen er så sart og fin. Den flaksar rundt om kring i rommet, ettersom den passar både her og der... :-)

Tonje, med bloggen Forever Love har klekka ut denne vakre skapningen! 
Besøk bloggen hennar for mykje vakre bilete og god inspirasjon! 

God fredagskveld!


M O R G O N






G o d  m o r g o n

Litt blåe innslag i heimen etter 17. mai feiringa i går.
Usikker på kva eg synes om desse blåe blomane, 
men blir ein liten oppkvikkar og kontrast mot det kvite og svarte.
Å så elskar eg jo alt det blåe...


Det er  F R I  i dag for alle i heimen.
Lat morgon.
NRK Super.
Sovesveis.
Kaka til frukost...shame on me... :-)


Ha ein kjekke dag!



torsdag 17. mai 2012

H U R R A


H I P P  H I P P  H U R R A!

Me har feira Norge sin bursdag.
Me har gått i tog.
Me har ete.
Me er mette.
Me (eg) er litt glad at det er eit heilt år til neste gong...

:-)

Gratulera med dagen - 
håpar du er mett og god!

*I morgon kjeme besøk som kan eta rester! 
I LIKE! 


onsdag 16. mai 2012

H A L V T


Eit halvt år i dag, sidan vesle klumpen vår kom til verda!
Mammahjarta svulmar over av kjærleik til denne vetle fyren.
Ein klump! 
Verden beste klump!
(Heilt sånt objektivt!). :-)

God natt og ha ein god morgondag!

*Nå er det berre å finna ut kva eg skal ha på meg i morgon.
Det hadde eg ikkje tenkt på! :-D



tirsdag 15. mai 2012

M A R I N A D E N



Dei som kjenner plassen, tenker nammenam...
Dåke som ikkje har vore der vil sei nammenam etter eit besøk!
:-)

Marinaden finn du på Svortland, Bømlo.
Øyo ytterst i havgapet.

På Marianden finn du dei gode ostane, flatbrød frå Morgedal,
Salma laks, Chef Paul krydder, honning frå Bømla-biene,
pasta og masse ulik kortreist mat (eller veeeeldig langreist mat)!

Eg handla meg lunch som eg tok med meg heim med tanke
på at eg skulle foreviga salaten og brødet til eit bloggeinnlegg.
Men vips var den borte vekk...
:-)

Ha ein kjekke dag,
med levereglar frå Marinaden!