søndag 6. mai 2012

K O N F I R M A S J O N S T I D


Det er konfirmasjonstid her i Sunnhordland.
Flagga er til topps kvar einaste laurdag og søndag i fleire veker.

Med konfirmasjonstid så er det fototid. Denne skjønne jenta vart den fyrste konfirmanten eg har fotografert i år. Som dei fleste konfirmantane eg fotograferar vart det bilete i bunad og i "kvardagsklede".
Kjekt med begge deler!
:-)

Gratulera med konfirmasjonsdagen!

lørdag 5. mai 2012

E N G E L





Grunna ein veldig kjekke forespørsel (som eg kan fortelja om seinare) har eg leita i gamle biletearkiv. Har funne så mange utrulig morsomme bilete!
Desse eg viser her vart brukt i julekortet i 2007. Klikk her så ser du bloggeinnlegget om det. Storesøster var nesten 3 år og vetlebror 11 mnd...vetle pusane til mammo! Nesten så ein sakne dei, om de forstår kva eg meinar! :-)



Ha ein  g o d e  laurdag alle saman!  



torsdag 3. mai 2012

B L O G G T R E F F



På laurdag var eg med på det veldig kjekke bloggetreffet i Ølen. Den gode feen, eg og vetleguten suste på ein roadtrip gjennom tunellar, ferjer, fjell og fjordar. Like geografisk tutlete begge to, var det ei bragd at me kom fram! :-)

Lunch på Fugl Fønix i Etne var fyrste stopp, deretter shopping og champagne hos Ølen Møbler i Ølen. 32 bloggarar frå Stavanger, Bergen, Haugesund og omegn hadde tatt turen. Vedlig mange kjekke damer med flotte bloggar som eg nå MÅ linka til! :-)

Mammo fekk tid å shoppa når snille bloggdamer passa på vetleguten! Han gjekk frå fang til fang, slik at alle fekk lov å knipa litt i låro hans! ;-)

Kombinasjonen shopping, amming, champagne (1 glas) og jordbær er å anbefala. Men kanskje ikkje viss du skal nå ferja. Grunna min avslappa haldning til tid og stad nådde me ikkje ferja og stranda på ferjekaien i Skånevik (eller var det Holmedal?).


Vetleguten saman med snille Frøken Fryd.

Den Gode feen selger som hakka møkk! :-D



fredag 27. april 2012



S O R G


Veit du -
lufta syng der du smilte

Veit du -
jorda bevar der du gjekk

Veit du -
havet tie der du var taus

Veit du -
ilden fortære ikkje der du tente

Sorg
fordi du var god

Sakn
fordi det er du som saknast

Fordi du likevel er
i lufta
i jorda
i havet
i ilden


Sorg, og sakn
fordi du likevel er.


*Eg kjeme frå ei øy. Ein plass alle kjenner alle. På godt og på vondt.
I går delte me ei sorg. Ei kone, ei mor, ei bestemor, ei tante,
ei svigerinne, ei veninne, ei som alle kjente gjekk bort.
Me deler sorga og saknet med dei næraste.
Tenke`på dåke!



 

torsdag 26. april 2012

B A R N



B A R N  A V  R E G N B U E N

En himmel full av stjerner,
blått hav så langt du ser,
en jord der blomster gror,
kan du ønske mer?

Sammen skal vi leve
hver søster og hver bror,
små barn av regnbuen
og en frodig jord.

Noen tror det ikke nytter,
noen kaster tiden bort med prat,
noen tror visst vi kan leve
av plast og syntetisk mat,
og noen stjeler fra de unge
som blir sendt ut for å slåss,
noen stjeler fra de mange
som kommer etter oss.

En himmel full av stjerner,
blått hav så langt du ser,
en jord der blomster gror,
kan du ønske mer?

Sammen skal vi leve
hver søster og hver bror,
små barn av regnbuen
og en frodig jord.

Men si det til alle barna,
og si det til hver far og mor;
Dette er vår siste sjanse
til å dele et håp og en jord.

En himmel full av stjerner,
blått hav så langt du ser,
en jord der blomster gror,
kan du ønske mer?

Sammen skal vi leve
hver søster og hver bror,
små barn av regnbuen
og en frodig jord.

En himmel full av stjerner,
blått hav så langt du ser,
en jord der blomster gror,
kan du ønske mer?

onsdag 25. april 2012

G E R B E R A




Ein liten blomsterkvast på ein onsdag!

I dag har eg vore på den årlige Nyskapingskonferansen på HSH. Er blitt ein fast tradisjon å delta. Ein heller ny "tradisjon" var å ta med vetlebror. Å ha han med på laget førte til litt sein avgang frå heimen, og litt tidlig tilbaketrekking frå konferansen. Vart ikkje gulrotkake på meg i år altså...søren! :-)

MEN...møtte mange kjekke damer og menn, som det alltid er kjekt å prata med!
Gler meg til neste år!




tirsdag 24. april 2012

R E P R I S E * K I C K



 Eit lite fargekick på ein tirsdag!


Delvis reprisebilete frå april 2010.

:-)


mandag 23. april 2012

K O N K U R R A N S E * C O O P


Eg får mange forespørslar frå ulike aktørar som vil annonsera på bloggen min. I dag gjer eg eit unnatak, slik at du får anledning til å vinna noko! :-)

Anledningen er BARNAS UKER i veke 16-18 på COOP Obs Hypermarked.


Viss du har lyst å vinna eit gåvekort på 500,- kr. hos COOP Obs Hypermarked, kan du delta i konkurransen. Legg igjen kommentar med svar på spørsmålet under - og hugs å legga ved kontaktinformasjon (t.d. mailadressa di dersom du ikkje sjølv har blogg).

Frist...tikk takk: Legg igjen kommentar til og med onsdag 2.mai.
Vinnaren vil bli offentliggjort i slutten av veke 18.

Kan du kjøpa Hunter støvlar på COOP Obs Hypermarked?

Svaret finn du HER!


søndag 22. april 2012

S U M M E R



Eg er så kreativt gira for tida, at eg skulle ynskje at døgeret hadde MANGE fleire timar!
Blir nesten for mykje av det gode, for kreativiteten set i gang ein del prosjekt...(som om det ikkje var nok å gjera frå før). :-)

I dag har eg og storesøster vore ute å fotografert. Sommar (brrrr...ikkje heilt det nei), kjole (den som utløyste skredet av idear som førte til dette "prosjektet"), blomar (så absolutt!), fargar (MANGE!) og glede (jo, litt av det, kan ein sei :-) ).!

Ein kjapp snik-kikk på to av bileta, i super full fart. Skal visa meir ein annan dag!
*Blogging og amming passar ikkje saman - mamma komme, vetle ven! :-)

G o d e  s ø n d a g!