Bodil gjere ting ho ikkje kan!
Ved kakebaking gjere me som følger:
- Handlar inn masse ulikt som ein trur ein kan få bruk for i ei kake (eller rettare sagt oppå ei kake?).
- Tek sikte på å lage Cake-pops og kjøper til og med eigne Cake-pops stenger!
- Set alt på bordet.
- Finn fram pc og finn nokre favoritt nettsider.
- Søker på X-anntal kakenettsider.
- Tar sats (mentalt) og byrjar kakeproduksjon.
- Mikser og triksar litt
massemed oppskriftene. - Bakar/vispar/steiker med litt hell og litt uhell.
- Ringer ho mor om me må ha sukker i kremfløyten når ein lagar krem. Mor er ikkje heime, men far (som er slagramma og har problem med talen) svarar svært tydeleg med irritert stemma at SJØLVSAGT skal du det :-D
- Finn ut midt i marengslaging at maizena mjøl eller vineddik ikkje var handla inn.
- Brukar bakepulver og eddik i staden for maizenamjøl...
- Ryddar så vekk alt som ikkje vart brukt (ca. 2/3 deler).
- Vaskar og stablar alt inn i skap og hyller.
- Legg på duk og latar som om dette aldri har skjedd.
- Forstår når eg ryddar vekk at Cake-pops har eg gløymt å laga...
Kakebordet vart sånn.
*Og nei, eg lagde IKKJE alle kakene.
:-)






































