søndag 29. januar 2012

V O S S A T A S S AR




I haust når me reiste på hytta kjøpte me Vossatassar
onepiece til ungane. Glade fargar til glade born! :-)
*Sidan hytta ligg i Voss kommune så passa det godt
at dei to tassane våre var kledd som Vossatassar...

Nå er det NM på Voss og me seier derfor heia Norge :-) og heia Voss!

Til slutt så helsar me sjølvsagt til dei Vossatassane me kjenner der oppe!

lørdag 28. januar 2012

D Å P S I N V I T A S J O N 1


Tida tikkar mot dåp. Ettersom det viste seg at det særs sjelden er dåp i kyrkja heime på Halsnøy, kom dåpen pittelitt raskare enn planlagt. Jaja, like greitt å hive seg i det før dåpskjolen blir for liten til vesle klumpen vår! :-)
Nå er iallefall dåpsinvitasjonane klare til sending. Nådde ikkje posten så invitasjonane kjem fram (kryssar fingrane) på tirsdag.

Har hatt eit tema i dei to andre dåpane. Storesøster sin dåp for 7 år sidan hadde tema sommarfugl. Nestemann hadde dåp når det var påske, så tema den gongen var påskeegg og påskeharen. Bilete frå "påskeharedåpen" var faktisk eit av mine fyrste blogginnlegg. Klikk HER så kan du lese om det! Denne gongen så har det vesle lammet noko med festens tema, iallefall på ein måte... :-) (Nei, det blir ikkje smalahåve eller lammalår på menyen...).  :-)

Endelig kom all tapen eg hamstra på Ølen Møbler til nytte. Var så glad når eg endelig fann tape (som alle andre i blogglandia har), at eg måtte kjøpa mange! Kjøpte nokre med farge og...

Ha ein gode laurdagskveld! Nå er det tid for laurdagskos her i heimen. Nam!!! :-) 

torsdag 26. januar 2012

R U S T





Ute heng det og rusta blir det...
Sink, is og rust passar likevel litt fint i saman...

Always look on the bright side!
:-)

mandag 23. januar 2012

R A U D


Desse raude tulipanane heng utanfor inngangsdøra,
saman med litt anna som nok høyrer jula til... :-)
Men fine er dei og deler dei derfor med dykk!

G o d  m a n d a g !

søndag 22. januar 2012

P U T E T Å R N



I leikekroken på kjøkkenet ligg denne putehaugen.
Rett og slett eit putetårn (denne gongen styla av ungane)
som dekker kassen med kjøkkenleiker.

Fargerike
puter frå

onsdag 18. januar 2012

P L E D D


P L E D D  P Å  P L E D D

Da er deilig å tulla seg inn i eit godt pledd når ein er litt frostig.
Men å tulla inn den vetle gode babyen vår i eit varmt og godt pledd,
 da kjennes godt for både mammo og vetlepusen.

Det nydelige grå pleddet fekk eg på føden av ei god veninne.
Mange synes det er så fint og spør om eg har strikka det sjølv.
Kjenner meg til tider frista til å seia ja, men diverre, 
mine strikkeferdigheter hadde ført til at pleddet kanskje
hadde vore ferdig når guten vert konfirmant. 
Eg understrekar ordet kanskje!



mandag 16. januar 2012

N O M I N E R T


Synes det er veldig kjekt å bli nominert til
2011 mest estetiske mammablogg


Gå inn her å stem!
*Eg blir veldig, veldig glad om du stemmer på meg.
:-)

søndag 15. januar 2012

G O D ♥ N A T T


Tre stk. småtroll er lagt for kvelden.
Kryssar fingrane for at minstemann synes det er natt...
men ørlite skeptisk! :-)

G O D    N A T T

(Dette bilete er frå den 21.12.11.
Vetlekumpen er blitt ein enda større klump sidan denne dagen!).

torsdag 12. januar 2012

S T R I P E R + B A B Y


Eg kosar meg og nyt permisjonstida.
Vetle klumpen er ein veldig fornøyde kar som gjere alle glad!
Her "chille" han i sofaen...:-)



Når ein er heime på dagtid så får ein rikelig tid til å sjå det ein omgir seg med.
Dog i ulikt lys. Støvet er diverre svært synleg i sollys...



Ser at interiøret rundt meg er prega av striper.
Både tepper, puter, skåler, lampe osv. har striper.
Nå manglar eg berre ein stripete vase som også kan få lov til å bli støvete...
:-)

onsdag 11. januar 2012

B A B Y F E E T


Veslebror sine skjønne små føtter, fotografert inntulla i pappa si svarte collegejakka. :-)
Ikkje studio, ikkje planlagt, men berre eit lite sånt kvardagsglimt.