søndag 15. januar 2012

G O D ♥ N A T T


Tre stk. småtroll er lagt for kvelden.
Kryssar fingrane for at minstemann synes det er natt...
men ørlite skeptisk! :-)

G O D    N A T T

(Dette bilete er frå den 21.12.11.
Vetlekumpen er blitt ein enda større klump sidan denne dagen!).

torsdag 12. januar 2012

S T R I P E R + B A B Y


Eg kosar meg og nyt permisjonstida.
Vetle klumpen er ein veldig fornøyde kar som gjere alle glad!
Her "chille" han i sofaen...:-)



Når ein er heime på dagtid så får ein rikelig tid til å sjå det ein omgir seg med.
Dog i ulikt lys. Støvet er diverre svært synleg i sollys...



Ser at interiøret rundt meg er prega av striper.
Både tepper, puter, skåler, lampe osv. har striper.
Nå manglar eg berre ein stripete vase som også kan få lov til å bli støvete...
:-)

onsdag 11. januar 2012

B A B Y F E E T


Veslebror sine skjønne små føtter, fotografert inntulla i pappa si svarte collegejakka. :-)
Ikkje studio, ikkje planlagt, men berre eit lite sånt kvardagsglimt.

søndag 8. januar 2012

S T R I P E R



Vår nye lampe med stripete skjerm lyser her i kveld...

Julegåver er gøy!
:-)

* Tine K lampe er kjøpt her .

torsdag 5. januar 2012

L E G O B U R S D A G














Bursdagsguten
ynskja seg legobursdag eine dagen,
smurfebursdag andre dagen og
sjørøvar den tredje.

Kill your darlings...
eller finn fellesnemnaren og miks alt i ei smørje! :-)
Tilfør søtsaker, brus, ballongar og snacks i samme farge.



( Lego + smurf )
=
Gul & Blå

Gul legosmurfebursdag med gullpenger gjorde både gut og mammo glad! Nesten litt sommarkjensle. Iallefall når sola vitja oss! :-)

onsdag 4. januar 2012

5 ♥ Å R



H I P P  H I P P  H U R R A
for vetleguten
som nå er storebror og storeguten vår!

Gratulera med 5 års dagen,
kjekke og morosamme goguten!
Veldig glad i deg!!!

*Bileta er frå årets julekort. Julekorta som fortsatt ikkje er komme i posten...
Kanskje Kongen er byrja å venta...? :-)

Ha ein kjekke dag! Nå er me nesten klar for barneselskap.
Da luktar iallefall sjokoladekake i frå kjøkkenet...mmmmm...
(Akkuratt det me treng etter jul :-) ).

lørdag 31. desember 2011

tirsdag 20. desember 2011

I N N L E G G 7 0 0




Innlegg nr. 700 viser nokre små juleglimt i frå stova vår.
Nå må eg bruka tida flittig til å lage julekort...
Ha ein gode kveld!

*Tusen takk, snille Lena, for flott bord og lysestakar!
Låv ju! :-)


mandag 19. desember 2011

J U L E T U L I P A N




Ein liten
raud
tulipan
til
pynt
&
glede.


G o d  m a n d a g !