mandag 24. oktober 2011

4 - Å R S B O K


Ei "åndelig" helg her hos oss! :-)
Kyrkjevandring på laurdag og utdeling av 4-årsbok på søndag.
Vetlebror synes det var veldig stas med både omvisning i kyrkja og utdeling av bok.
Me har ei beskjeden dotter og ein "frampå" liten kar. Så når kyrkjetenaren lurte på om ein 4-åring ville fram å opne skattekista i ei fullsatt kyrkje, var vetleguten raskt frampå...
:-)

H A  E I N  K J E K K E  D A G !


mandag 17. oktober 2011

R O S I T A


Ei
skjønn
lito
"rosa"






H a  e i n  k j e k k e  m a n d a g !

fredag 14. oktober 2011

J U L


Altfor tidlig å laga juleinnlegg, men her er eit lite frå meg! :-)
Har handla meg ei "budda" med juleinteriørblad, noko som fekk meg i julestemning.  
Nå når lånekassen har fått sitt fastrentebrev, ein lang arbeidsdag er ferdig,
så skal eg rett og slett kosa meg med blader og beina høgt!

*Bilete er i frå julekortet i fjor, med tema "Reisen til julestjernen".
Bør vel snart byrja tenka på årets julekort...

torsdag 13. oktober 2011

F L E I R B R U K


Den kvita tønno mi har sin misjon året rundt!
Til jul er den "juletrefot" til vårt vesle koselige tre. 
Når den er snudd opp ned, fungerar den fint som ein kjekke tønnestol.
Rett og slett, ei fleirbrukstønne!

God torsdag!


søndag 25. september 2011

M E S S E S U K S E S S



DEN SOM INTET VÅGER INTET VINNER!

er blitt ein herlig suksess!

Kunstutstilling, sofaprat, fantastiske utstillarar, MASSE folk, latter (MASSE latter), hjartevarme, design, jummi cupcakes :-), gode vener, flinke folk, hotellweekend, inspirasjon, nye relasjonar, modige valg, nydelig mat og seine kveldar! 

Rørt til tårer!


tirsdag 20. september 2011

REMEMBER TO LOVE





10 år etter
besøkte me Ground Zero.

Ei oppleving som rørte og gjorde sterkt inntrykk.

R E M E M B E R  T O  L O V E

TITT TITT


Med eit gamalt bilete av trultemor,
ynskjer eg dykk ein fin dag!

 :-)

mandag 19. september 2011

P U T E K R I G


Putekrig er utrulig kjekt!
Men jøssenavn kor mykje dun det er i ei pute!!! :-)
Ikkje lurt å vera allergisk når ein er på fotoshoot med Rett Hjem...
:-)

Bladet som er spekka med lekre puter og anna er nå å
finna i postkassane for dei som bur i Bergen og Stavanger.

Me andre kan kikka i bladet på nett.

Ha ein gode dag!



søndag 18. september 2011

F R U ♥ B O


Så forelska. Så glad.
Begge to svarte JA!


Dette var meldinga me sendte til familie og vener den 9.9.11.
Meldinga kom i frå to lykkelige sjeler, i Manhattan, New York!

Utan at nokon visste det, så gifta me oss! :-) Etter 12 år i saman så vart det vigsle i den byen som me aller fyrste kveld me møttes, snakka om å reisa til.

Ikkje noko kvit brud her - kjolen frå Calvin Klein var svart, og kjøpt to dagar før vigsla.

Brudebuketten (som overlevde å reisa over Atlanterhavet, heim til Norge - sjå bilete) vart kjøpt på ei is/pizzasjappe. Ein kvit hårstrikk frå storesøster bandt den saman! :-)

I skinande sol kjørte me med gul NY taxi til City Hall. Der i mylderet av ventande brudepar møtte me eit skjønt mannlig par frå Manhattan. Dei vart to supre vitner, som gjorde dagen enda meir uforgløymeleg! Med Broadway som arbeidsplass, så kunne dei verkeleg applaudera! :-)

Bryllaupsfotografen var storesøster som er 6 år. Med sitt nye kamera gjorde ho jobben! At pappen manglar halve hovudet på dei fleste bileta, skit me i! :-)

Nå er me happy & nygifte.
Feber og halsevondt betyr liksom ikkje noko!