tirsdag 16. august 2011

B L Å B Æ R T R U T



Liten gut med blåbærtrut!


H a  e i n  g o d e  a u g u s t d a g !


torsdag 11. august 2011

B E S Ø K


I går fekk eg eit slikt overraskande og kjekt besøk! Heldigvis så hadde eg rydda litt slik at det såg levelig ut i heimen. (Eg "krever" nemleg eit par dagars advarsel på "overaskande" besøkande)...:-) 
Ein sommar med farting hit og dit gjer nemlig at huset vårt er blitt "overgrodd", både utvendig og innvendig! På godt norsk: Da ser`kje ut! 
Denne gongen var det altså ingen varsel om overnattingsbesøk. Berre umåteleg god timing! *At det kom eit mindre kjekt besøk tidligare på dagen, dvs. ein liten fugl som i redsle skeit på alt den kunne sjå, øydela heller ikkje...

Overnattingsbesøket var topp - på alle måtar! I dag tidlig når eg leverte minstemann i barnehagen, vart det støvsugd og rydda! Tusen takk snille du! Du er berre best! :-)

I morgon besøker eg Bergen - dykk er herved åtvara... :-)



onsdag 10. august 2011

H E I M A


Nå er kvardagen i gang etter ein gode ferie.
Avslutta ferietida med fotooppdrag i Stockholm. Ei fantastisk kjekk oppleving!

Nå er det foto av småtassar som står på programmet!
Eit lite pusterom her, før nestemann kjem på plass.

Ha ein gode dag!

lørdag 23. juli 2011

S O R G

Det har vore vanskelig å sova i natt etter det ufattelige bombeangrepet i Oslo og den grusomme massakeren på Utøya i går.
Å vakna til oppdaterte nyheter på fjernsyn og nett gjer dagen sorgtung.
Trist, tragisk og vondt.

Me er alle i sorg i dag.

Alle tankar og medkjensle til pårørande, dei overlevande og heile landet som kjenner seg berørt av denne grusomme tragedien.
Ord blir fattige...

fredag 8. juli 2011

S T O R E R I N G H E I M

Eg har ikkje så mange bilete frå denne plassen enda, men i dag skjer det:
Høgtidleg opning av Store Ringheim Gjestetun på Voss.
Gler meg til å visa bilete i frå denne fantastiske plassen som opplevast!

Gratulera med dagen, kjekke kunden min!
:-)

*Her jobbar me intenst for å kunne nå opninga me er invitert på i kveld.
Kryssar fingrar for å klara det!

torsdag 7. juli 2011

S U M M E R F E E L I N G


Det er sol. Det er sommar.
Det er snart ferie...

*Herlig, nydelig og skjønn familie fotografert i deira eigen fantastiske strand!
Sand under føttene, salt sjø og ungar som ler.
Det er lukke det!


fredag 24. juni 2011

fredag 17. juni 2011

P I K N I K


Desse bileta frå ein morsom og fuktig piknik ved HSH,
finn du i S O M M A R A V I S A til Sunnhordland.
Klikk HER
så kan du sjå mange bilete og lesa dei herlige
oppskriftene til all maten som var med som piknikmat.
*Minner meg om at eg må til butikken å kjøpa tomatpesto!

Ha ein kjekk dag og nyt sommaravisa i regnet!


onsdag 15. juni 2011

H A P P Y


Ser ikkje heilt "happy" ut på bilete, men skinnet bedrar! :-)
Etter ein kjempefin sommeravslutning på skulen er 1. klasse nesten ferdig.
Kjempeflinke jenter og gutar har sunge og dansa for oss, utkledd som skjønne kattar. Mange stolte mammer og pappaer med smil rundt munnen og ei tåre i augekroken.


Her er i huset har det vore stille på bloggen
grunna feiring av bursdagen min og pappen sin.
Hipp hurra for oss begge!
:-)


Snart er det sommar!
Stråhatten frå H&M kjem vel til rette når solstrålene kjem gjennom skylaget.
Den knallskjønn buksedrakten kjøpt på Lukas og Linnea gjorde mammo happy!

I  l o v e  b l u e !