fredag 17. juni 2011

P I K N I K


Desse bileta frå ein morsom og fuktig piknik ved HSH,
finn du i S O M M A R A V I S A til Sunnhordland.
Klikk HER
så kan du sjå mange bilete og lesa dei herlige
oppskriftene til all maten som var med som piknikmat.
*Minner meg om at eg må til butikken å kjøpa tomatpesto!

Ha ein kjekk dag og nyt sommaravisa i regnet!


onsdag 15. juni 2011

H A P P Y


Ser ikkje heilt "happy" ut på bilete, men skinnet bedrar! :-)
Etter ein kjempefin sommeravslutning på skulen er 1. klasse nesten ferdig.
Kjempeflinke jenter og gutar har sunge og dansa for oss, utkledd som skjønne kattar. Mange stolte mammer og pappaer med smil rundt munnen og ei tåre i augekroken.


Her er i huset har det vore stille på bloggen
grunna feiring av bursdagen min og pappen sin.
Hipp hurra for oss begge!
:-)


Snart er det sommar!
Stråhatten frå H&M kjem vel til rette når solstrålene kjem gjennom skylaget.
Den knallskjønn buksedrakten kjøpt på Lukas og Linnea gjorde mammo happy!

I  l o v e  b l u e !

onsdag 8. juni 2011

J I E L D E


Fyrste gong eg såg ein Jielde lampe "live" var på eit fotoshoot for Rett Hjem, då Trude Vaaga var stylist. Hugsar at eg var usikker om kva eg egentlig syntes om lampen. Fin? Stygg? Røff? Tøff? Merkelig? Men nokre objekt treng å synkast inn, for så at ein aldri gløymer dei. :-) 

Eg har derfor lenge vore på jakt etter den "perfekte" Jielde lampe. Kva farge? Kor mange ledd?  Matt eller blank? Endelig fant eg den på Ølen Møbler! Fire ledd og matt svart farge = perfekt. Nå har den glidd inn i stova og me er alle veldig nøgde...:-)


mandag 6. juni 2011

G U T A R O M


Ein liten titt inn på rommet til pompelompen vår.
Eit LITE rom som må romma MYKJE.
Mammo likar ting og tang.
Minsteguten likar stein og pinnar.
Så miksar me dette saman og oppnår ei herleg røra!



 Men dei som skal inn på dette rommet må fyrst forbi den fryktinngytande Kroko.

Det styggaste kosedyret eg veit. Kroko valgte vår yngstemann ut av alle dei knallskjønne kosedyra dei hadde i dyreparken i Rotterdam. Søskenbarn og søster valgte søte kaniner, isbjørnar og selar. Minstemann valgte ein stor og stygg plastikkrokodille.

Eg får vel berre vera lykkelig over at det ikkje var ein slange...

fredag 3. juni 2011

M O R G O N F R I S K


Ei morgonfrisk "tøtta" finn mjølk i kjøleskapet.

Håpar dykk er friske og raske,
med eller utan mjølk i koppen!

:-)

G O D  L A N G H E L G

onsdag 1. juni 2011

D A G E N


Dagen i dag er ein litt sånn dagen derpå dag.
I går var det Gründer Kafe i regi av SNU.
Samlingsstad var Vikjo Vin & Fetevarer,
ein veldig fine plass på Leirvik/Stord med meget gode mat!
(Og herlige Champagnelunchar for dei som likar det...)

Dagen derpå for min del handlar om at eg hadde
eit innlegg på gründer kafeèn om mine erfaringar å starte eiga bedrift.
Ingen dårlig dagen derpå kjensle altså,
men litt den der at ein glad det er overstått!
:-)

Kvelden var veldig kjekke. Masse folk med masse spennande forretningsidear!

I dag byr dagen på eit spennande fotooppdrag.
Snart kjem "kokk" og stylist!

Til slutt:
HIPP HURRA for Alma som blir 4 år i dag!
Nyt dagen!

*Bileta er frå stova! Den dagen det var ryddig...:-)




tirsdag 31. mai 2011

G A N G E N


Her er den gråmalte gangen vår.
(Sjølvblanda farge og malt grå for 10 år sidan).

Bilete ser du i bladet
Rett Hjem
(klikk her på link).

I gangen stablar eg blader.
I gangen stablar eg nyvaska klede.
I gangen ligg som regel ranslar og bagar.
I gangen pleier det vera kaos...

Herlig ryddig på dette bilete
- bladstabelen likar eg og får stå!

Eit bevis at gangen kan vera ryddig...

:-)

Ha ein gode dag!

mandag 30. mai 2011

B O D I L B L Å


I neste utgåve av Rett Hjem
(ute i desse dagar, men eg har ikkje sett det enda)
kjem du heim til meg!

Artikkelen heiter BODIL BLÅ.

S p e n n a n d e !

:-)

torsdag 26. mai 2011

B A B Y L Y K K E


Dette vesle nurket på 10 dagar var eg så heldig å få fotografera.
Så skjønn!
Så liten!
Så inderlig fin og go`!


Bileta tok me heime i huset til babyjenta.
Greitt for ei ammande mamma og veldig koselig for meg! 
Naturlig lys frå vindaugo og mørk sofa som bakgrunn.
Rett og slett litt mix og triks!
:-)



*Trøtt i fjeset sitt, men måtte kikka litt på kva me dreiv på med!
S m a s k !
:-D 

mandag 23. mai 2011

M E S S E F O T O G R A F



Eg har fått det ærefulle oppdraget å vera
Interiør & Boligmessen 2011
sin offisielle fotograf!
Spennande!

...Kanskje det er deg eg fotograferar denne helga i september?
:-)

Messa skal også ha eit bloggetreff der me kan møtast,
både oss med og dei utan blogg!
Hadde vore veldig artig å truffe nokon av dykk som eg føler at
eg "kjenner" og som kanskje "kjenner" meg?


Besøk messa sin blogg, så få du veta meir!
Både om meg og andre... :-)