


I går var me på søndagstur som så mange andre. Diverre er ikkje me bitt av gåbasillen... Me kjøyrte nemleg på søndagstur! At me hadde behøvd å gått, ja, så absolutt. Likevel, turen i går gjekk i bil. Opp og ned fjellsider, åsar og haugar. La oss kanskje kalla det sightseeing!?På vår kjekke (var nemlig veldig koselig, iallefall inntil me krangla om rygging med eller utan speil! :-)) søndagstur stoppa me for blomsterplukking. At minstemann då var sovna i baksetet innskrenka blomeradiusen litegrann.
Men kvitveisane på bilete vart altså plukka i går (framfor bilen -dvs. venstre dekk). Nå står dei i tekanna/kaffikjelen min (frå House Doctor), som eg kjøpte tidleg i vår på Halsnøy.
P.S: Endeleg er bladhylla vår oppe på kjøkkenveggen! Fekk den til jul av snill svigerinne & svoger. Tusen takk! :-)
Ha ein gode kveld!































