onsdag 18. mars 2009

Kjøkken på trykk i Vakre Hjem

I dag kom tre eksemplar av Vakre Hjem & Interiør heim til meg, tilsendt frå VHI. Litt sånn skummelt å kikka gjennom bladet, men også litt spennande. Bileta vart tatt i juni i fjor, så mykje har jo skjedd på dette kjøkkenet sidan då. Men, men...

Det er ikkje berre mitt kjøkken som er i bladet, men også Annettes Hus, som har denne bloggen. Så då er det altså to stk frå blogglandia som er på trykk! Det er jo gøy! :-)

Så viss dåke vil sjå meir, så løp å kjøp. Bladet kjem i butikkane i morgon!

Ha ein fin dag! Nå skal eg setta meg ned å sjå gjennom bladet fra byrjing til slutt...

tirsdag 17. mars 2009

Det er vår!

Det er vår ute med frisk luft og skjønne krokusar i overgrodde bedd. Men jammen er det vår i butikkane også... Fristelsane er forbaska store!!! Dette nettet/veska vart iallefall med meg heim etter handel på "gaveåleke" (som me innfødde seie), når eg var heima på Halsnøy i sist veke. Her er link til butikken.

Heldigvis hadde eg mammo mi med meg på ein av dei ørten turane eg var innom (måtte jo innom tre gonger på ein dag for å vera sikker på å få med meg alt nytt!!!). Mammo mi er veldig snill, det er sikkert.
Og då dryppe da jo noko på meg og då... men det får eg visa ein annan dag! :-)

Støvlane på bildet er kjøpt hos ein kjekke kunde av meg, MollyMo (butikk på Heiane Storsenter). Det er Ilse Jacobsen støvlar i barnestr. og frøken dings er eigaren. At støvlane er eit par hakk for store, gjer at ho mor døyver samvitet i forhold til pris, med tanke på at frøkno kan ha støvlane til ho er konfirmant...
Det siste var tull, i tilfelle nokon tek meg heilt på alvor! :-) Støvlane var nemleg på tilbod!!! Å tilbod, DA likar me!

lørdag 14. mars 2009

Vinterbryllaup ♥



♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥

På sjølvaste Valentinesdagen, laurdag 14. februar, var me i bryllaup. Det var ein kjempekjekke dag, der eg var gjest og fotograf. Me byrja fotograferinga då bruda vart pynta, og kjolen hang på vent. Tema for dagen var små kjærleiksenglar og ♥hjarte♥, ettersom bruda vart fridd til på Valentinesdagen -08 av ein oppfinnsam mann, og bryllaupet stod på Valentinesdagen -09. Må sei at nokre menn fortsatt er romantiske...eller? Bryllaupsfargane var kvit (heldigvis så slo kong vinter til med snødekte bakkar) og kjærleiksfargen raud.
Eg fekk oppdraget med å laga invitasjonar (fann ikkje den akkuratt nå, men kan visa den i ein annan samanheng), og songhefte (sjå bilete). Fotograferinga var mi (vår) bryllaupsgåve til det lukkelege paret. Så får me håpa at dei er glade også etter at dei har sett bileta...
Må seiast at bryllaupsfesten var utrulig kjekke! Eit skikkelig raust, solid, rørande og tradisjonrikt bryllaup, med overraskingar. Eg kjeme aldri over den kako... :-)
Ha ein romantisk laurdagskveld! :-)
♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥

torsdag 12. mars 2009

Snøklokker


Eg samlar på snøklokker... Eg samlar iallefall til ein større bukett! Desse tre er komme i hus, ein etter ein. To stk i frå ei lita nabojenta, og ein i frå mi eiga jenta, fordelt på tre dagar! Ser heldigvis at blomsterjentene let stilken få lov til å behalda litt lengde, om dei tre snøklokkene har vore litt skadeskutte ved avlevering.

onsdag 11. mars 2009

Snart


...kjem denne utgåva av Vakre Hjem & Interiør. Der kan dykk sjå bilete i frå kjøkkenet vårt, fotografert av meg sjølv. Reportasjen er på 7 sider. Bladet kjem i butikkane den 19. mars. Så då må eg vel seia: gled dykk!? Eller kanskje ikkje... :-)

mandag 9. mars 2009

Mini-studio

God mandag frå mitt mini-studio, som passar utmerka til små born og kaniner.


søndag 8. mars 2009

Bloggen BO i avisa


For nokre veker sidan var det ein kjekk journalist på besøk hos meg. Intervjuet handla om bloggen min og om at eg starta eige firma i fjor. Artikkelen var på trykk i avisa på onsdag, over 3 sider! Det er aldri så veldig kjekt å lesa om seg sjølv, men eg har fått mange kjekke tilbakemeldingar om at folk synes dette var veldig koselig. Beroligande! :-)
I dag når eg opna nettstaden til Sunnhordland, så SLO artikkelen om meg rett i mot meg: Top News!!! (Skrekk og gru...tenkte eg då!).
Her er link til dykk som vil lesa. Alle bileta (utanom det av meg sjølv) er henta i fra tidlegare innlegg i bloggen.
Ha ein god søndag!

lørdag 7. mars 2009

BestLite

Noko eg er særs fornøyd med av innkjøp er BestLite lampane mine, designa av Robert Dudley Best. Det eg fall for var designet og den KVITE lakken på skjermen. At det er skikkelig kvitt, ikkje sånn beigegulskitenaktig kvit... Du veit?!? (Jada, kjære, eg er litt sær... :-)).
*
Vegglampen er den som blir vist her, taklampen let venta på seg... For om eg er særs fornøyd med innkjøpet, og det vart gjort for MANGE månedar sidan (i fjor), så er det kun vegglampen som er oppmontert og i bruk!
TING TAR TID! Og det gjeld pikade om fargen er kvit eller ikkje!
*
Gode kvelden!
*
Til dei som har komme med god betring til vesleguten, så seier eg tusen takk! Me er komme heim frå sjukehuset, og i dag er han SÅÅ mykje betre, noko som gjere eit mammahjerta så takknemlig, letta og glad! Så igjen, gooood kveld! :-)

fredag 6. mars 2009



Ein klem frå oss til dykk alle der ute, med ynskje om ei god, rolig, kjekk og friskmeldt helg! :-)

torsdag 5. mars 2009

Norsk Ukeblad


I denne utgåva av Norsk Ukeblad kan dykk lesa om to utrulig fine menneske, Connie & Ruben, og kampen deira for eit heilt vanlig liv. Eg hadde eit veldig kjekt møte med dei to, når eg fotograferte dei for saka i Norsk Ukeblad.
...og så var da jo veldig kjekt når bilete mitt kom på førstesida! :-)