søndag 21. desember 2008

Luke 20: Litt seint...























Luke 20: Litt seint...


...ute, men det betyr kanskje to luker på ein dag? Dagen i går vart nemleg annleis enn tenkt, og enda med eit lite besøk hos legevakten. Ikkje så dramatisk, men nå har me to små på kvar sin pencilinkur. Det positive er at då er kanskje alle friske til jul!?


Håpar alle dykk som er innom er friske og raske!

fredag 19. desember 2008

Luke 19: Kort























Luke 19: Kort

Tidlegare la eg ute nokre bilete av "klemmekort" mine. Då hang dei i ein busk i hagen! Nå heng dei også i kvister, men i eit galleri! Det er veldig kjekt å sjå korta mine i eit gallerivindauga! :-)


Korta er til sals:

  • Galleri Giga (Stord) -bileta er frå Galleri Giga
  • Sæbøvik Gåver & Leiker (Halsnøy)
  • Stemning (Rosendal)
  • Family Affairs (Oslo - Schønings gate 3 B)
Meininga var å legga ut kort til sals her på bloggen og, men eg har rett og slett ikkje hatt tid!!!

Så unnskyld for da...




torsdag 18. desember 2008

Luke 18: It`s hard to be a nissemann























Luke 18: It`s hard to be a nissemann


I dag var det nissefest i barnehagen. Sånne augeblink ynskjer ein å ta vare på gjennom eit bilete eller to. Ein stressa morgon, ettersom me var litt seint ute (me ankom samstundes som nissefar & nissemor trudde banen var klar, og skifta klede ute i det fri!), gjorde at ingen bilete vart tatt.

Derfor hadde eg kamera med i bilen ved henting. Ikkje før me kom til trappa hugsa eg å ta det fram. Men før eg fekk skrudd opp ISOèn til maksimale høgder, smatt nissemora vår inn. Derfor stod denne vesle nissen att, og mammo fekk eit par bilde av han, før han rasande også måtte få lov å komma inn i varmen... It`s hard to be a nissemann!


Ha ein god kveld!

onsdag 17. desember 2008

Luke 17: Pip Pip






















Luke 17: Pip Pip
Årets julekorttema er fuglar. Årets julekort skal lagast i helga. Årets julekort kjem til å landa i romjula. (Viss ikkje brevduene til posten gjer ein ekstra innsats for sine fuglemedsøstre).
Piiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiip...

tirsdag 16. desember 2008

Luke 16: Pepperkaker











Luke 16: Pepperkaker

Me har bakt, med innkjøpt deig og masseprodusert pepperkakehus. Entusiasmen blant dei små er like god, om deigen kjem frå IKEA eller ICA. Tre brett med kaker fekk me til, minus eit brett som vart vela svart...

Pepperkakehuset vart unikt. Ikkje pga. av sjarm eller vakre mønster, som ein ser i mange bloggar. Less is more? Hmm, nei, ikkje i følge våre to søte små.


Litt dagen derpå stemning her i huset. Dagen derpå "medgodjulaftastemning". Masse nye gåver, og eit hus med litt julepynt og grønnsåpelukt (viss ein kjenner veldig godt etter, under eine sofaen...).
Så nå drikk eg GOD julebrus, og ser på 3 ulike kanalar samstundes. I like! :-)

mandag 15. desember 2008

Luke 15: Happy birthday!
























Luke 15: Happy birthday!

Mamma og pappa si goda jenta har hatt fødselsdag! Selskapet er over, bordet er halveis rydda, og vesle mollemor har sovna i nye nattklede! :-)


søndag 14. desember 2008

Luke 14: :-)























Luke 14: :-)


Nå søv ei svært fornøyd jenta, som fekk så utrulig mykje fint hjå slekt og vener! Pakkane vart lagt under treet, så i dag var det nett som julafta! :-)

lørdag 13. desember 2008

Luke 13: Lucia

































Luke 13: Lucia

1. søndag i advent feirte me ein dag på etterskudd. Lucia feirte me ein dag i forkant. Dvs. at Luciakjolen hang fint på hengaren sin i dag, og "kruna" med englar (kjøpt på Nille) er blitt ein del av julepynten.


Elles så byrjar det å bli litt jul i heimen. Nevnte ikkje i forrige innlegg, at 4-års dagen skal feirast i morgon, med tilreisandes besøk med besteforeldre og vener. Då hjelp det ikkje med søndagsope...

Men me er godt i gang med forberedelsar. Frøken Fryd, som gler seg SÅNN, syntes me "har fått nytt hus"... Hmmm, trur me må rydda skikkelig oftare! :-)

fredag 12. desember 2008

Luke 12: Velkommen






















Luke 12: Velkommen
På mandag er det 4-års dag her i huset, og kampen mot klokka har starta. Ikkje for bursdagsbadne. Ho vil helst at klokka fyk mot den store dagen! Da er ho mor som ynskjer meir tid. Meir tid til å pynta, til å vaska, til å baka(?), til å bli ferdig!!!
Velkommenskiltet er iallefall komme opp, saman med den kvite kransen min. Me får satsa på at dagen i morgon blir kjeeempelang...
God fredagskveld! :-)

torsdag 11. desember 2008

Luke 11: Sink















Luke 11: Sink

Desse to sinkpottene mine har eg leita lenge etter. Dei stod på handlelista mi når me reiste til København i sommar, men fann dei i Haugesund! Kjøpte dei på butikken In-design.
Dei skjønne lyktene kjøpte eg på Strandlykke. Vart veldig fornøyd, med både små og store lykter!
Ei sann handlelykke! :-).
*I lyktene ute fyrer eg med gravlykter. Dei brenn lenge og er rimelige.