onsdag 10. desember 2008

Luke 10: Englar dalar




Luke 10: Englar dalar

...ned i skjul?
Dette er ein av mine adventsstakar, av merke SIA (trur eg). Kjekke små, skalla, blubbeenglar, som eg synes er SÅ søte!

tirsdag 9. desember 2008

Luke 9: Blanda drops











Luke 9: Blanda drops

Litt blanda drops i adventskalender her i dag. Redigerte bilete av mange born er ferdige, postlagt, og viss posten er grei så bør bileta vera mottatt i dag! Synes den vesle godguten på bilete kunne gått rett inn i ein reklame for Freia!
(Hjartene har eg herma etter deg Mali-Mo!!! Ein kopikatt, det er meg! (Men vart så nøgd over at eg klarte det! :-)
I heimen her er alle sjuke, med magevondt og feber. Trudde me var på betring, men så blussar det opp igjen. Heldigvis så får mammo jobba om dagane likevel, så julekort skal bli, dykk som ventar i spenning! (Mine eigne julekort derimot, får komma på nyåret...).
Søndag og mandag blir det fødselsdagselskap her i huset. Då er det godt at litt pynt heng igjen i frå i fjor...(bilete nummer to). Sånn er det når lysekruna heng der midt i fjeset ditt dagleg, og du blir blinda (eller blenda)! Ettersom årets pynting går på lavgir, så er det kanskje likegodt...
Siste bilete viser litt "bakst" i frå Toftes Bakeri. Berre eit lite hint til meg sjølv om at dagane går, og at eg fortsatt er elendig på gjærbakst!
God kveld!

mandag 8. desember 2008

Luke 8: Skohylle


Luke 8: Skohylle


Mange som ser skohyllene til våre to små, gir tilbakemelding om at det var ein god ide. Så då får eg vel dela den med dykk? "Skohyllene" eg brukar, er CD hyller frå IKEA. I snart 4 år har hyllene gjort sin jobb som sko-oppbevaringsplass for ulike sko til ulike anledningar! Kjøpte hylle nr.1 inn når mollemor kom til verda, og nr. 2 når bromlebror kom susande! :-)
Som skohylle passar den opp til sånn ca. str. 25 har eg funne ut... Nå byrjar storesøster sine sko diverre å bli litt for store til å "kneppast" inni her, men det fungerar enda!
Gode kvelden!

søndag 7. desember 2008

Luke 7: 2. søndag i advent






















Luke 7: 2. søndag i advent
2. søndag i advent feirar me med tre lys. Det må til etter at Veslemor svidde fingen sin under høgtidleg lystenning. Etter litt tårer og kaldt vatn, var alt bra. Men ettersom det å blåsa ut fyrstikka er den største gleda ein kan ha (og forsøk nr. 1 gjekk bokstavleg talt rett i vasken), så fekk me tenna enda eit lys. Sjølvsagt!
Alle saman, ha ein god kveld. Her tørkar malinga i taket, mens ho mor tenner lys og fyrer i ovnen. Altså gjer akkuratt det som fører til meir sot på vegger og tak... Varmepumpe er nok far sitt store ynskje til jul! :-) (Og importforbud på stearinlys...).

lørdag 6. desember 2008

Luke 6: Julestjerna







Luke 6: Julestjerna
Ikkje mykje som minnar om advent eller jul her i huset. Huset står på "håve"! Eg er så glad for at det er søndag i morgon. Kviledag? Jaja, ispedd litt vask og rydd så skal eg jammen også kvila! :-)
Det einaste som minnar om jul her i huset må vera julestjerna vår. Papirstjerna som er tredd med perler og paljettar, er ny i år. Men eg undrar om eg faktisk kjøpte ei nett lik i fjor!? I såfall må det bety at smaken i år er lik smaken eg hadde i fjor... (Skal bli spennande når julepynten tek turen ned frå loftet). Stjerna er kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker.
I dag var me til Haugesund, der me enda opp på verdens beste lunch, i fantastiske lokaler! Er faktisk mett enda! Bordet bugna med julesylte, skinker, tomatsild, eggerøra, kreps, kongekrabbe frå nord, bagels, kakao osv. Diverre for dykk så var dette ikkje ein ny kafe som er opna, men eit besøk til ei kjekk veninna og hennar kjære! :-) Takk for oss, me kjem gjerne igjen!

fredag 5. desember 2008

Luke 5: Farsdag


Luke 5: Farsdag
Eg er svært klar over at farsdagen er over for i år... Eg er ikkje så ør!!! :-)
Denne fine steinen fekk pappen (nesten i hovudet) på farsdagen sin. Heldigvis redda mammo den katastrofen, om vesle bromlebassen klarte å hiva boka han skulle gi rett i panno på pappen... Ingen soft oppvakning her i huset altså! Men bok er kanskje betre enn ein stein...?
Ha ei god helg alle saman!

torsdag 4. desember 2008

Luke 4: Studio














































































Luke 4: Studio
Her er ein liten smakebit over nokre av dei "ørten" :-) ungane eg fotograferte i helga. Skal visa fleire bilete ein annan dag, for ingen er gløymt! Knallskjønne ungar heile gjengen, alle fotografert med mitt nyinnkjøpte studiosett. Så nå blir da studio...
Endeleg så er eg ikkje SÅ avhengig av at veret skal vera "på topp" når det er booka eit oppdrag. Veldig kjekt med blitzlampar, om eg trives like godt med det naturlege lyset. Uansett om blitzlampar, softboksar eller ei, kontakten med den du tek bilete av er og blir det viktigaste. Kontakt og litt tull og tøys... :-)

onsdag 3. desember 2008

Luke 3: 09.00 - 21.00



Luke 3: 09.00 - 21.00.


I dag kunne eg tenkt meg å vore her; På Sæbøvik! Der er det langope i kveld, og alltid ein utrulig triveleg kveld. Kva synes dykk om gratis graut på Øybutikken, gratis kakemann til alle små hos verdens beste bakeri, gløgg og pepperkaker på Sæbøvik Gåver & Leiker og Buketten, og "julebord" på Spar? Me Halsnøybuar er heldiggrisar når det gjeld gode handelsmenn og kvinner! :-)


Flygeblad og plakatar til dette gildet, er det eg som har laga. Masse kjekke tilbod i flygebladet, som 3 par sko for prisen til 2 hos MoaMoa, 10% på alle varer hos denne butikken, og masse anna! Dei som kan bør få opp farten... :-)

tirsdag 2. desember 2008

Luke 2: Frost











Om eg får tid, så skal eg oppdatera bloggen dagleg fram til jul. Hadde planar i fjor om ein "bloggkalender", men vart med tanken. Med friskt mot prøver me! :-)

I dag luke 2: Frost.
Bileta tok eg etter barnehageforeldremøte i dag. Flott frost mot rust og det vesle som er igjen av haustfargar.
Ha ein god kveld, og ta vare på kvarandre!


mandag 1. desember 2008

1. søndag i advent...?






















Fyrste søndag i advent feirte me i dag. Trur me blir tilgitt litt feiring på etterskudd...? Søndagen vart nemleg brukt til massefotografering i studio, av kjekke og skjønne ungar på Halsnøy.


Kjøpte ny stjerna i dag, og har fått ho opp! Adventstaken er også på plass. Lovande...njaaa?
Kalenderen frå i fjor er ikkje på plass, heller ikkje så mykje anna som minnar om advent eller jul. Til helga skal da ordnast (trur eg), for denne veka blir jobbetravel! God mandag!