Her har det vore særs travelt i det siste, deriblant med foredrag på
KVV i går. Det var
KVV Kompetanse som inviterte meg til å halda foredrag, der
Morten W. Knudsen (kjent frå medieviterne) også var foredragshaldar. KVV Kompetanse formidlar samarbeid mellom næringsliv og skule, og denne gongen var budskapet til dei 400 i salen, å ha mot til å følga draumen.
HER kan dykk lesa om kva eg snakka om, og om responsen. Det var særs kjekt å få forespørselen til å halda eit innlegg, fordi om eg kvidde meg veldig i forkant. Dagen vart iallefall veldig gild, med mange kjekke møter med lærarar og elevar, og sjølvsagt mange møter med
potensielle kundar til firma mitt! Rett og slett givande var det!
Ser at det skjer mykje på bloggane, og det krev
MOT å stå fram slik
Molly har gjort! Eg ynskjer å senda ei helsing til alle som lir på den eine eller andre måten, om det psykisk eller fysisk vald. Eg trur på etiske ideal som sanning, og eg trur på ordlyden "Sanninga kjem alltid for ein dag". Eg trur også på det å dela det vonde med andre, for dermed å få trøst og for å kunne bearbeida sorg og vonde kjensler. Derfor er det godt å ha gode vener og familie både i opp og nedturar.
God torsdag!