
Førebuing til årets julekort er byrja. Bilete gjev ein liten smakebit. Må ta fotograferinga og designet litt innimellom, ettersom eg også tek imot bestillingar, og lagar julekort for mange andre. Sjølvsagt ta kontakt, viss du ynskjer julekort frå BO design & foto.
Eg pleier å laga julekorta mine med eit tema. I fjor var det "Engler daler ned i skjul", året før det var det pepperkaketema, med oppskrift og minipepperkaker. Årets tema er faktisk litt difust, men får vera ei overrasking (for både mottakar og avsendar) når det er heilt ferdig. Hadde litt mange idear, og må derfor vera sterk og "kill my darlings" som det heiter så fint!
Problemet med årets julekort er at eg fekk ein knallide i fjor, men som eg ikkje skissa eller noterte meg. Den fabelaktige, knallideen er gløymt! (Skal ikkje sjå vekk frå at ideen ikkje var så ekstraordiner, men er blitt meir fabelaktig ettersom tida går...). Det eg hugsar var at eg stod nedfor garagen når ideen small i hovudet mitt! Det har irritert meg grenselaus at eg ikkje kjem på kva det var som var så utrulig bra! Eg har til og med stått nedfor garagen i håp om at hjernen min kunne framkalle denne gode julekortideen... Men nei, min hjerne hugsar heller på ting som hadde faktisk vore kjekkare å gløyma!
Jaja, julekort blir det, for julekortlista mi blir berre lengre og lengre, ettersom eg sender både til konge og fedreland! :-)
Ha ei god veka!

























