onsdag 22. oktober 2008

Husnes Storsenter





I morgon, torsdag 23. oktober er det offisiell opning av Husnes Storsenter på Husnes. På oppdrag frå marknadsavdelinga i Kvinnheringen, har eg tatt mange av bileta i opningsavisa til senteret. Senteret blir samanlikna med operaen i Oslo, pga. arkitekturen. Eit spennande bygg å ta bilete av, både utvendig og inne. Og eit spennande prosjekt å jobba med, saman med ein veldig kjekk og grei journalist! (Hei til deg!).
Så til dykk som bur for langt vekke for opningsfest, og som ikkje får avisa i postkassa, dykk får kikka litt på desse bileta her...

Ha ein kjekke dag!!! :-)

torsdag 16. oktober 2008

Variert arbeidsdag


I mitt nye liv som sjølvstendig næringsdrivande, så er dagane absolutt meir varierte og spennande enn før. Eg viser derfor eit bilete av meg sjølv, korleis eg hadde det på jobb i dag.
På oppdrag for JYSK, så er eg faktisk på toppen av ei plattform!!! Hjelm, vernebriller, vernesko og dress er ikkje mitt kvardagsantrekk, og det er på ein måte bra... Det å ta bilete med hjelm på hovudet og vernebriller er nemlig ikkje det lettaste! Kjekt var det likevel, i øsepøsevær og med ein god dose høgdeskrekk! Litt godt var det å komma ned og... :-)
Ha ein kjekke kveld!

onsdag 15. oktober 2008

Lykkelig!



I dag er eg så glad, så rørt og så bliiid! Eg er nemleg overvelda over kva eg mottok i posten i dag, frå denne fantastiske designeren. TUSEN TAKK!
(Dykk skal få sjå kva eg har fått, men kikk innom MeMini, så får dykk ei aning...!). :-)
`
Glad er eg også over at foredraget gjekk fint i går. Mange kjekke folk hadde møtt opp, og kjekt hadde me det! Responsen var iallefall utrulig kjekk, ettersom at mange vart inspirert og fekk lyst til å ta bilete! Det er jo det viktigaste synes eg! :-) Takk til dykk alle, både duppedingsmannar og eplekakedamer! Eg kjem gjerne igjen!
`
Tusen takk også til mi kjære, snille veninna med to av mine favorittjenter, som gav meg desse tulipanane i sist veke! Du er så snill!
Øverste bilete er ikkje tilstyla, dermed ser dykk ein liten bit av ei godteskål, og ein korva (godt dialektsord) kvit duk i bakgrunnen!
`
Ha ein super dag!
`
Nå må eg roa ned det boblande humøret og jobba, slik at det blir litt pengar inn i kassa! :-)

tirsdag 14. oktober 2008

Putekrig



Nye puter som diverre ikkje er heimesydde, men kjøpt på Fryd.
Har vel etterkvart nok puter til ein hær. Så vekk med våpen, fram med putene!

mandag 13. oktober 2008

Stol

























I fjor skreiv eg om ein butikk på Evanger som er veldig kjekk. Her er innlegget: http://bodil-bo.blogspot.com/2007/08/litt-reklame.html

Der nevner eg ein stol (to stolar). Desse har blitt stua vekk, men fått komme fram i lyset nå når gangen fekk ein "ny start". Stolane er kun blitt skrubba med grønnsåpa, og eg er strålande fornøyd med dei!
Takk for kommentarar i forrige innlegg, som faktisk var mitt innlegg nr. 200!!! :-)

Foredrag
























I morgon skal eg halda eit inspirerande (er eg blitt fortalt) foredrag, i Kvinnherad Fotoklubb. Det skal ikkje handla om blomsten og bien som kanskje bileta indikerar, men om blogg og foto. Trur eg må byrja å førebu meg, for nå fekk eg eit lite "kvir meg stikk" i magen!
Ha ein kjekke mandag! I motsetning til Pusur, så likar eg mandagar! :-)

søndag 12. oktober 2008

"Ny" gang























Inngangspartiet vårt har fått eit lite ansiktsløft. Her hjalp ikkje botox eller kirurgi, men god gammal kvitmaling og treplankar på golvet. Gangen har vore kvit lenge, men hjelpe meg koss da gulnar! Eg har ikkje handla inn noko nytt, men prøvd å bruka det eg har.
(Utanom IKEArammene som vart hivne i vogna etter eit litt misslykka kommode(som ikkje vart noko)kjøp).
Skal visa fleire bilete, men nett nå vart det med dette utsnittet! God søndag! :-)

lørdag 11. oktober 2008

Eplekjekt besøk




Eg har hatt haustferie! Ein litt sånn "halvfrivillig" ferie pga. sjuke ungar og storfint besøk! Å få besøk krev nemleg eit ryddig hus! Ettersom eg har oversett rot i nokre månedar så tok det meg heile tre dagar å rydda, sortera, kasta og vaska. Det betyr ikkje at me har levd i ein sump (eller, kanskje det?), men ting hadde hopa seg "litt" opp her og der, for å seia det fint...

Det gode med mitt besøk var at nå vart det både fart og ekstra full fart i sakene. (Min kjære måtte ufrivillig vera med i operasjon ryddig hus, og er derfor reist på rekresjon aleine på hytta denne helga...).

Deadline var torsdag kl. 19.00, då kom nemleg 4 damer på besøk. Tre av damene styrer denne butikken, og alle saman er vel over middels interessert i interiør. Damene er snille, knallkjekke og greie, men eg hadde nerver!!! På tross av åtvarningar ang. korleis det egentlig ser ut hos meg, så følte eg eit lite snev av forventningar...
Dette forventningsproblemet (mitt problem altså) hadde eg aldri før eg starta blogg! Nå merkar eg at mange har ei formeinig om at eg har det SÅ fint heime... Neeeeeiiiiii, eg har ikkje det! Eg viser berre litt! Eg viser ei stemning. Eg viser ikkje alt...

Uansett, besøket kom, før eg var ferdig. Ei stor panne havna derfor under nokre klede inne på vaskerommet, handklede som skulle henga på toalettet låg i tørketrommelen (oppdaga jo sjølvsagt det etter at besøket var gått -dåke måtte jo seia i frå!) og kanskje aller verst (fins egentlig ei heil liste med punkt her) var at spisestuebordet flaut. Mange byrjar jo kanskje heilt logisk å rydda i dei romma der gjestene er. Det gjer ikkje eg. Det rommet kom sist i rekkja... Uterommet hadde eg ikkje rørt, og ergrar meg fortsatt kvifor ikkje mi bønn om snø vart høyrt.

Men uansett rydding og rot, me hadde det kjekt! Mat fekk dei og mette vart dei! Knallgode reker etter superhemmlig oppskrift frå Den gode feen, og raudvin og tapas. Til og med kaka...takk frysedisken (på ein butikk eg ikkje besøker igjen -det er ein annan historie).

Denne nydelige skåla full av epler var gåve til meg frå dei kjekke damene! Knallfin! Tusen takk!
Dåke er velkomne igjen. Men kom fort, for nå er det ryddig...nesten! :-)

søndag 5. oktober 2008

I går haust...


























...i dag vinter!!!

Dette var synet som møtte to begistra ungar, ei "jaja, koselig dette" mamma og ein .....#**#(fyll inn sjølv)...pappa, i dag tidleg.

Før hyttefrukosten stod på bordet var me ute i snøen for å leika. Minstemann syntes snøen var "au-au", for hendene vart litt kalde... Kven tenker på vottar når ein pakkar og sola skin ute? Heldigvis så fungerar sokkar også som vottar, i trange tider! Heldigvis x 2 hadde me hugsa å ta med dressane frå barnehagen, og ein haug med ullklede.
Då vart heller mitt utval i "leike i snøen" klede litt sparsomt... Skrekkelig god unnskyldning for å gå inn, fyra i ovnen, rydda litt, lesa blader og nyta hyttefreden... :-)



lørdag 4. oktober 2008

Orange, raud, brun...























...gul, grøn og blå! Det er haust!

Me er på hyttetur, og merkar at hausten er komme litt lenger her enn heima. Litt råare luft, litt mindre blad på bjørka og overmodne tyttebær. I dag har me vore ute å plukka litt ymse, dvs. tyttebær, kongler, steinar og 4 stk blåbær. Så nå kan vinteren komma... :-)
`
Med mobilt breiband så er eg for fyrste gong på nett, her oppe til fjells. Føler meg eit hakk nærare sivilisasjonen. Fjernsynsskjermen har gått i svart, pga. at Hordaland nå er på "bakkenett". (Ikkje noko bakkenett her enda, og det synes min lite fjernsynsglade mann er herlig! "La roen og freden senka seg, Bodil...!"). Mannfolk! :-(
`
Såg på Oprah her i veka, der ein tek i frå ungar og foreldre (frivillig) fjernsyn og data. Resultatet blir gladare familiar, som snakkar meir med kvarandre.
Nå har jo eg øydelagt dette (i vår fjernsynsfrie sone), med å bruka dette trådlause mobile breibandet. Men litt sant er det, me snakkar meir i lag utan fjernsyn. Ikkje minst med ungane, fordi ein blir meir fokusert.
`
Gladare? Ja, nå sit eg her, utrulig lykkelig og glad, med svart skjerm og naso ned i pcèn. Mannen vaskar opp. Han er superlykkelig...
'
God helg! :-)
Øverst bilete viser utsikta frå hytta vår.