tirsdag 30. september 2008

Og så kom daddo heim...

























...rett i frå barnehagen til blitzregn! Ja Linda, nå skal det bli blitzar! :-) Du hildrande du! :-)

Vesle pusen til mammo


























I dag er vetlepusen til mamma & pappa heima i frå barnehagen. Vetlepompen er ikkje heilt friske, men still going strong! :-) Hei, hei til alle snille barnehagetantene!

Eg har lånt med meg heim blitzlampar, som eg brukar til eit prosjekt. Etter kvilen sin fekk eg derfor testa ein litt fortumla godgut i blitzregnet, i mitt improviserte studio. Litt øvegidde og trøtte i fjeset sitt, men sååååå skjønne synes mammo, og sjølvsagt pappen! :-) SMASK!

mandag 29. september 2008

Storm i sløret...






























...må bety enorme mengder lykke! :-)

Min store skrekk har alltid vore å ta bryllaupsbilete i striregn og kuling! Dette fekk eg oppleva på laurdag med dette utrulig skjønne og kjekke paret. Regnet sila, vinden blåste sterkt, men fotograferinga var like kjekk, romantisk og morosam som den pleier.
Det sporty og positive paret lo, mens dei sprang mellom byer, og kyssa over søledammar!

Med så mykje regn i sløret, så må dette ekteskapet verta ein suksess! :-)

torsdag 25. september 2008

MollyMo


I dag var det opning av Heiane Storsenter på Stord. Der kan dykk finna den kjempefine butikken, MollyMo.
MollyMo sel klede med merker som TIGER, Maggie Wonka, Oui Moments, Vera osv.
BO design & foto har laga logo, annonser og har hatt ansvar for skiltinga av butikken. Butikken er blitt så fin, og eg er så lykkelig for at skiltinga blei rett og slett superduper! :-)
Bilete er frå butikken, og viser skiltet som eg har fått produsert i utfrest aluminium. Kanskje eg viser fleire bilete ein annan dag? Ja, da gjere eg...nemleg! :-)

tirsdag 23. september 2008

Utstilling












































Viss du ynskjer deg ein galleritur, så kan eg anbefala Galleri Giga eller Galleri G Guddal. Galleri Giga opnar ny utstilling på laurdag, med Karen Smith-Gahrsen. Galleri G Guddal opna utstilliga "Når veven syng", av Helga Skålnes, sist laurdag.


Begge galleria er kjekke og spennande kundar av BO design & foto.

mandag 22. september 2008

The winner is...

Trommevirvel og hipp hurra:
AMELIE78!

Gratuler sa masse som vinnaren i denne basaren! :-) Send meg ein mail med adressa di, sånn at eg kan få sendt pakken til deg.

Da er heilt utrulig kor mange som har lagt igjen kommentar! Hjelpemeg og herligalondon gonger ti! :-) Når trekninga vart gjort i går kveld så var det ca.188 kommentarar, men nå har det kryssa lina til 203! Iallefall rekord for min blogg! (Kva blir 12 kommentarar for meg etter dette?). Hehehehehhehheheheheheheheeh!

Eg har ingen bilete frå trekninga, grunna dramatikk! Etter å ha printa ut alle kommentarane (dvs. 38 ark!), så måtte eg kutta dei opp i kuttaren min. Denne prosessen syntes vår vesle bromlebasse at var veldig spennande. Når det brått byrja dryppa raude dråpar på dei utprinta kommentarane, så forstod eg at han hadde blitt vel klåfingra... Tommeltotten hadde fått seg nokre små rifter, men ikkje verre enn at pappen fekk vaska, rensa og plastra det. Mammo reagerar litt ulikt, og blei lettare handlingslamma og ytterst svimmel...ingen heltinnefakter her nei!

Alle lappane (med og utan blod) blei lagt i ei stor skål, og etter mykje roting og romstering vart Amelie78 trekt av han far sjølv. Gratulera! Håpar at du likar pakken... :-)

onsdag 17. september 2008

Til deg!





















TIL DEG! FRA MEG!
Som ei feiring av at bloggen har hatt eit lite jubileum, med 200.000 unike besøk, så bestemte eg meg for å gi ei gåve til ein eller annan som legg igjen ein kommentar til meg.
Viss du vil vera med i trekninga, så legg igjen ein kommentar under her, så skal eg trekka vinnaren ut om nokre dagar. Viss du ikkje har blogg, så legg igjen kommentaren din som anonym, men skriv navnet eller kallenavnet ditt i kommentaren din!
Lykke til!
Herliga London, føle eg har basar her!!! :-)
Pakken er pakka inn, fordi det kan henda at eg ombestemmer meg for innhald! Det er utrulig vanskelig dette! Ikkje det å gi vekk noko, men tanken på at mottakar skal bli glad!!!

tirsdag 16. september 2008

200.000 unike treff!




































200.000 unike treff!!! Det hadde eg ikkje trudd når eg starta bloggen "for å vera litt kreativ" i mammapermisjonen min!
I kveld kryssa teljaren min over det magiske talet, 200.000! Faktisk har bloggen (akkuratt nå) hatt 200.039 unike treff! Så kjekt!
Dette må jo feirast med finkjole og champagne... :-)
Eg har fått nokre få forslag på kva gåva til ein heldig skal bli, men er fortsatt ikkje sikker. Så kom gjerne med innspel...
Innlegg om gåve kjem i morgon!
Ha EIN KJEKKE KVELD!

Stinky























Dette er Stinky, verdas beste kanin.
Stinky kler navnet sitt. Han er enkelt og greit ei illeluktande og stinkande kanin. Dette fordi om han blir vaska med gjevne mellomrom (til tider kvar dag) på 90 grader.
Stinky får sin odeur av at han blir tygd på, mata med leverpostei, dratt gjennom sandkassa, får melk, blir bada i sølepyttar, og av og til duppa i do... (Ja, det skjer det også, viss ein er så dum å ikkje lukka toalettdøra!).
Trass i denne behandlinga så er Stinky det høgst elska kosedyret her i huset. Så når mammo skulle ta bilete av det vesle udyret til barnehageprosjektet "mitt hus", då vart det tårer og vilt hysteri frå Stinky sin vesle eigar...

søndag 14. september 2008

Jenteapekatt






















Dette er ein jenteapekatt! Den doble kritt-tavla som var eit impulskjøp, er blitt gull verdt. Her kan to stk. teikna på kvar si side, utan altfor mykje krangel...(nåja...).
Mange artige figurar har iallefall dukka opp dei siste dagane, og mor synes det er stas når figurane utviklar seg i positiv retning. Dvs. at dei har hår, nase, augebryn, pupillar og øyrer. Veit ikkje heilt kor høgt ein skal setja lista for ein 3,5 åring, men denne jenteapekatten (med hale) vart godkjent av ei litt for kritisk teiknemamma. :-)