


Dette er Stinky, verdas beste kanin.
Stinky kler navnet sitt. Han er enkelt og greit ei illeluktande og stinkande kanin. Dette fordi om han blir vaska med gjevne mellomrom (til tider kvar dag) på 90 grader.
Stinky får sin odeur av at han blir tygd på, mata med leverpostei, dratt gjennom sandkassa, får melk, blir bada i sølepyttar, og av og til duppa i do... (Ja, det skjer det også, viss ein er så dum å ikkje lukka toalettdøra!).
Trass i denne behandlinga så er Stinky det høgst elska kosedyret her i huset. Så når mammo skulle ta bilete av det vesle udyret til barnehageprosjektet "mitt hus", då vart det tårer og vilt hysteri frå Stinky sin vesle eigar...