




...ikkje veit eg kva dette innlegget skal ha som overskrift, for eg har faktisk mykje på hjarta.
Fyrst og fremst, på bileta kan dykk sjå mine nye lykter og famileramma, (som er tom, ikkje grunna at me er familielause, men grunna at eg har ikkje har hatt tid til å finna egna bilete), som eg fekk i fødselsdagsgåve. Bror min gjer som han blir fortalt (ja, viss nokon spør kva du ynskjer, så må ein jo faktisk få lov å seia det høgt?) og kjøper gåver til meg på Riviera Maison i Rotterdam. Desse gåvekjøpa har visst gjort inntrykk på butikkdamene der nede i Nederland. For når han var innom for årets kjøp, så hugsa dei han i frå i fjor, og spurte om det var gåve til systera hans i Skandinavia... He, he, he... Eg vart iallefall svært glad for gåva, og gler meg allereie til jul!
Punkt to: Kva skreiv eg i forrige innlegg om motorsykkelkjøp! Impulsive handlingar gjeld ikkje motorsyklar. Kva har me i tunet nå? Kva skjedde den 20. juni klokka 23.55, altså samme dag som mitt innlegg blei lansert? Joda. Sjølvsagt.
Glad og nøgd kom Mr. "Megjersjølvstendigehandlingarogdetgjeldogsåformeg" opp frå si QXL hole. Hardnakka hevdar han at mitt bloggeinnlegg aldri blei lest. Han hadde berre kjøpt seg ein motorsykkel. Me treng alltandør!!! Brøøøøl...
Punkt tre, handlar så absolutt ikkje om motorsyklar, men om bilete og interiør...
Mine fyrste
Vakre Hjem & Interiør bilete, kjem nemleg på trykk i bladet, våren 2009!Lenge å venta? Ja! Men over heile
7 sider prydar bileta mine, i frå kjøkkenet. Kjekt og spennande! Berre ikkje kjøkkenet er heilt utdatert til den tid... :-)
At dette skjedde er eine og aleine grunna bloggen min. Ein
journalist var innom på bloggebesøk, og tok kontakt med meg.
Ha ei god veke!