torsdag 19. juni 2008






































Etter å ha rydda i gamle tøler, fann eg denne stripa som eg deler med dykk. Mi einaste teikneseriestripe, og godt er det! :-)

søndag 15. juni 2008

I korga...















...fann eg desse tre små snuppene!

Herlige, snille og skjønne jenter! Å da er så kjekt å ta bilete når lyset er så fint!

fredag 13. juni 2008

God helg























Takk for alle helsingar og gratulasjonar!
I dag er det mannen i huset som har bursdag -hipp hurra!!!
Blomane på bilete har eg plukka i den overgrodde hagen!

Eg er blitt utfordra å svara på desse spørsmåla:
1) Hva gjorde du for ti år siden?
Då studerte eg grafisk design ved Coventry University of Art & Design, i England. Budde i Gordon street i tre år, saman med Cherissa, Jem og Allison, eller var det dei to Hong Kongarane som hoppa når dei åt? Åra går litt i surr, men studielivet i England var utrulig kjekt! Mange festligheter med ymse utslag, og anna som ikkje passar inn her i dette forumet! Hei til alle Cov'folk! Saknar dåke! (Savnar ikkje Hong Kongarane som hoppa når dei åt, sniglane på kjøkkenet eller hellig vatn i håve!!!).
2) Hva er 5 ting på å- gjøre- lista mi i dag?
Vera med på opningsfesten i Barnehagen.
Kjøpa bursdagspresang.
Svara på spørsmåla til Vakre Hjem intervjuet. (Ja, kjøkkenet mitt kjeme i Vakre Hjem).
Senda pristilbod.
Gjera masse, som måtte utsetjast pga. barnehagefest og ungar med fri i barnehagen.
3) Snacks jeg liker:
Kan heller sei kva eg ikkje likar: Marsipan, lakris, Troika, Bounty, peanøtter...+ masse meir! Trur faktisk at eg likevel heller må sei kva eg likar aller best av snacks: Chips, Smash og Cuba!
4) Ting jeg ville gjøre dersom jeg var millionær (eller billionær):
Millionær:
Reisa, bygga studio, betala gjeld...blablaukebla...
Billionær:
Då ville eg blant anna sendt denne beskjeden til mange gode veninner:
Kjære veninne! Møt opp på Flesland i morgon kl. 12.00, flyet går til New York på første klasse. Vedlagt ligg 200.000,- nkr. i dollar, som er dine lommepengar. Jobben er informert og hotellet ventar! Enjoy!
Denne meldingen hadde eg sendt til mennene: Om 2 veker får du ei lykkelig kone heim! Nyt livet som pappa! Du skal få vera med neste gong. På tunet står ein trøstepresang.
5) Steder jeg har bodd:
Halsnøy, Voss, Bergen, Coventry og Stord.
6) Disse folka vil jeg vite mer om:
Dei som ikkje har svart på denne...

tirsdag 10. juni 2008

Bursdag


Viser eit bilete av meg (med heimaklipt lugg) og Nora, hesten til bestemor & bestefar. Kjekke tider "i gamledagar", med høykjøring, staurbering og jobben som saftbærar.
På min 35. fødselsdag finn eg "filmen om Bodil" på nettet: http://www.nfi.no/filmbutikken/tittel.html?id=7568
:-)

søndag 8. juni 2008

Bryllaup










Hugsar dykk desse invitasjonane?

I går vart dei vigde, på ein strålande flott dag! Bruda var så nydeleg at eg hadde store problem med å svelga klumpen i halsen! Kan liksom ikkje bli kjent som ein hulkande fotograf... :-)

Gratulera med vel overstått bryllaupsdag!



fredag 6. juni 2008

Blå




















Her er mitt "blåe" kjøkkenskap! Vitrineskapet vart kjøpt for konfirmasjonspengar for 20 år (?)(hææ-er eg så gammal!?) sidan. Måtte kjøpa det, både fordi eg syntes det var fint, og for at i ein alder av 15 år, så hadde eg ein del glas, skåler og sånt... :-)

I dei tider så gjekk nemleg 50% av lønna mi, (etter å vaska på "Mett & Go" kvar dag, og stå bak disken annkvar helg der), til bilete, puter, blomsterpotter, lysestakar, kjøpt på Buketten og Gåver & Leiker! Kjekke tider! :-)

Vitrineskapet som er blitt kvitmala, har plass inne på kjøkkenet. I skapet har eg samla det meste av dei blå tinga som eg har kjøpt. Det blå serviset som blei kjøpt på IKEA når eg var 18 år, blå skåler frå Habitat når eg budde i England, sil i frå London, Kinainspirert mugge frå Øybutikken, småskåler frå Ählens, blå høns frå Sæbøvik Gåver & Leiker, handblåste vinglas frå brukskunsten i Rosendal osv...

Nå når eg ser på bileta, så ser eg jo at hønseserviset i blått ikkje er på plass! Kor er da? Eg treng ryddehjelp! For om akkuratt dette skapet på ein måte er ryddig, så er resten av huset heilt kaotisk! Synd eg ikkje kan bu inne i skapet...

God helg! Ryddehelg! Puff... :-)

torsdag 5. juni 2008

Navnedag























I følge min svenske "personlige almanacka", kjøpt på http://www.personligalmanacka.se/,
har BO navnedag i dag.

Derfor må eg jo nytta høve til å gratulera bloggen min! Gratulera! :-)

onsdag 4. juni 2008

Sjarmør


















Denne karen måtte eg berre visa her på bloggen!
Ein sjarmør med både glimt i auga og smilehull !
Så pass på jentene dykkar... :-)

søndag 1. juni 2008

Sjørøvar



















Sjøstøvlar er godt å ha når det er 29 varmegrader i skuggen! Ville berre nevna da... :-)