fredag 21. mars 2008

God påske


































I dag kom påskeharen på besøk hos oss. Mange "hoppespor" etter påskeharen blei funne av mollemor. At det er løpetid for ein del kattar i nabolaget, gjorde at det vart nok spor å velga i...
Påskegget vart iallefall funne, og korga blei full av småegg. Den delen kom diverre ikkje med på film, ettersom batteriet då vart paddeflatt.
Kan det vera paracetrusen som gjer dette? For nå kan eg jo berre få informera (ettersom alle dei siste innlegga handlar om klaging av sjukdom) om at halsbetennelsen som var hive over meg på tirsdag har vore pyton. Høg feber og vond hals er ikkje kjekt. Men la det vera sagt, eg er så takknemleg for at det er eg som er sjuk, og ikkje ungane.
Og nå er eg litt betre! Så GOD PÅSKE!
Me pyntar enkelt til påske i år. Gule påskeliljer er fine både inne og ute! :-)

tirsdag 18. mars 2008

Lysekrune






















Eller lys i tunnellen? Desse siste vekene har gått litt tregt, med sjuke ungar og ei veldig vond tann! I går fekk eg hastetime hos tannlegen, der visdomstanna måtte ut! Eit pittelite hull , som gjekk rett i ei nerva fekk fylling sist onsdag. Etter å ha stått opp kvar natt for å ta smertestillande, orka eg ikkje meir, og tanno fekk fyken.

I går hadde eg klubb (med nytrukken tann - kjekk kombinasjon). Mannen fekk lysekruna opp over bordet, og måtte også laga maten. Takk -du er snill!

Fekk lysekruna av mamma og pappa til jul, så det var kanskje på tide at den kom opp...

I dag skulle frøken fryd på påsketur til bestemor, sånn at mammo fekk arbeidsro, men nei du... Feber igjen, vondt i halsen osv. satt ein stoppar for det. Så her det litt lite arbeidsro, men mykje paracet i omløp.

God påske!

Ja, og eg veit det. Duken er skeiv og ustrøken. Og ja, dette innlegget ber preg av eit snev med irritasjon. Eg er nemleg litt lei. Av tenner!

lørdag 15. mars 2008

Påskeegg





























Påskeharen har ikkje vitja oss endå, men i dag hjalp me han litt med utlevering av nokre egg. Våre to små skromlebassar har nemleg gått i ein svært kjekk og liten barnehage der det har vore 13 ungar og 3 vaksne. Nå er barnehagen snart historie, og vaksne og små skal overflyttast til ein ny og flott barnehage med maaasse ungar.

Dei tre kjekke tantene fekk derfor kvar sitt egg frå Lisbeth Dahl, med noko søtt i. Dette som takk for at dei har trøsta, mata, kost, passa og lært våre smågull ein masse. Samstundes har dei gjort sånn at me som foreldre har kjent oss heilt trygge på at våre to små har hatt det trygt og godt. Tusen takk !
Nå får denne påskeharen gjera ein innsats på heimebane... :-)

tirsdag 11. mars 2008

Perleblom



Herlige vårblomar, og deilig lys!
Nå er eg blitt inspirert av andre som har kjøpt inn vårblomar, til å få innomhus skjønne perleblomar! Klipte av blomar og satte dei i småvasar frå IKEA.
Ute er våririsen min komme opp, men ligg veldig flat i beddet. Regn, sludd, snø, storm osv. har tatt knekken på den...manglar vel berre sandstorm og ein ørliten tornado, så har me vore gjennom heile registeret.
Eg malar vegger, trapp og det som treng eit strøk etter ein vinter med sot og lysbrenning. Samstundes designer eg innbydelsar til både bryllaup og konfirmasjonar, og ein god del anna... Travelt og kjekt! :-)

lørdag 8. mars 2008

Pannekaker





Kvinnedag og tunellopning feirar me med pannekaker til frukost!

Pleier absolutt aldri å steika pannekaker til frukost, men kven kan motstå sånn vakker embalasje? Desse pannekakepakkane er så skjønne, og passar jo grådig godt inn på det nye kjøkkenet... (Ja, min kjære, du har heilt rett -det ER grunnen til at eg kjøpte den). :-)

Pannekakesteiking i dag kom i gang, grunna to sjuke småtroll. Minstemann som vanligvis et alt (dvs. alt, frå stein og bark, til menneskeføde som sylteagurk, brokkoli, kvitlauk osb.), vil ikkje eta noko. Tenkte at desse pannekakene kunne gjera susen, men nei... Kunne derfor heller ta bilete av dei, ettersom ingen ville smaka eit fnugg!

Nå er guten lagt, med saftis i magen. Den sklei ned, og er sikkert rekna som ein "god start på dagen".

Kvinnedagen blir altså feira ved kjøkkenbenken, med sutrete ungar rundt føtene, og mann på arbeid. Sikkert det som var det opprinnelege politiske målet med den dagen...

Dagen skulle for vår del, egentleg vore feira på Halsnøy, som i dag blir landfast. Får nok sjå glimt frå vår vakre øy på fjernsyn i kveld, med snorklipping og det som høyrer med. Ettersom det pøsar ute, så er eg litt glad (pittelitt) for at me må halda oss innandørs, på ei anna øy.


Ha ein fin dag, med eller utan pannekaker og snorklipping !


Eng: Pancakes for breakfast!

onsdag 5. mars 2008

Masse fint



























Nå har den kjekke butikken på Halsnøy oppdatert
Eg var innom å tok nokre bilete for dei. Fekk meg eit knallfint boss-spann frå House Doctor.
Det står på kontoret, og passar så godt... :-)

Snart så kjem Sæbøvik Gåver & Leiker til å legga ut eigne bilete og tekst.
Butikken er ikkje ein nettbutikk, men kikk innom for litt inspirasjon!

mandag 25. februar 2008

Veslemøy




I går tok eg bilete av ei skjønn, bestemt lito dama! :-)
Veslemøy heiter denne skjønne feen! Flott navn!

By the way: Tusen takk for alle helsingar og lykkeønskingar ang. min nye jobb! De er så snille!

Eng: I shot these photos yesterday, of this little darling, named Veslemøy.

onsdag 13. februar 2008

rom 123











I siste utgåve av rom 123 kan dykk lesa om Mari Eriksson og litt om meg sjølv.
Synes det var veldig kjekt at journalisten tok kontakt med meg om bloggen min, ettersom eg likar bladet rom 123 veldig, veldig godt! Bladet kjem i butikken over helga, men me som abonnerar fekk det i posten i går (altså fleire fordelar med eit abonnement; betre pris og levering rett på døra, tidlegare enn alle andre).

Utrulig kjekt at bloggen blir likt og inspirerar mange. Nærmar meg 100.000 unike treff nå! Jammen ikkje lenge sidan eg var lykkelig over 10.000!

I rom 123 kan dykk lesa at eg har starta firma;
BO design & foto! (Som snart har eiga heimeside...).
Dette er grunnen til at det har vore travle tider her, (ikkje berre nytt kjøkken altså). Eg sa nemleg opp jobben som AD/grafisk designer i november, og den o1.01.08, så var eg fri som fuglen!

Har hatt veldig lyst til å lansera nyheten om firmaet til dykk alle, for dykk er jammen medskyldige til at eg tek dette steget! Sjølvsagt er det ikkje berre grunna bloggen at eg gjer eit slikt val, men all den fantastiske responsen dykk har gitt meg har hatt betydning! Blogglandia er rett og slett ein god plass å vera når det gjeld støtte, ros og gode råd.
Tusen TAKK! :-)

Så nå er kontoret nesten på plass, pantonevifta klar, programvarene installert (puh!) til bruk og klokka som tikkar for deadline er hengt på veggen!
Kjære kundar, eg gledar meg til eit samarbeid!
Kjære Emmeline, eg kan sjølvsagt fotografera konfirmanten... :-)

fredag 8. februar 2008

Stavanger Aftenblad




























I fredagsbilaget til Stavanger Aftenblad, "BO" (passar jo bra), kan dykk lesa om fleire bloggarar, blant anna meg!

I artikkelen så står det at eg er "Supermamma". Det kan eg herved avkrefta. Eg spurte nemleg min lille håpefulle om så var tilfelle.

Eg: "Er mamma supermamma?". Mollemor: "Nei!". Liten pause, og alvorleg mina: "Du er mamma".

Så liten og så klok! Eg er mamma! Ei mamma på godt og vondt, som gjere så godt ho kan. Som er blid og som er sur. Som er ør, som er kvikk, som gløyme, som huska, som eine dagen leikar at eg er ein hund (?) og som andre dagen ikkje gidd å leika verken hund eller hest(?)!!!

Ut med supermammo, inn med mammo!

God morsdag i morgon,
alle mammaer som gjer så godt dei kan!!! :-)

Eng: A Norwegian newspaper mentioned my blog in an article about interior and blogs. Tomorrow it`s Mothers Day in Norway, so have a nice day, all mothers out there!

søndag 3. februar 2008

Muffins























Me har baka muffins i dag, og frøken dings har fått lov til å pynta dei! Lekre?
Veldig vanskelig for denne mammo å holda fingrane frå fatet, ettersom ho likar å ha "fargekontroll"!
Her er ingen like, og nokre har meir pynt enn muffins. Smakar sikkert knallgodt for dei som elskar sukker...

Kosa dåke innandørs i dag!

TUSEN TAKK for alle kommentarane eg får! Dåke rett og slett ikkje ana kor kjekt eg synes det er! :-)