

Her i huset så er det nokon som likar svært godt å dansa, men med kjole. Går så klart ikkje "aaann å dansa UTEN kjole"! Sjølvsagt...
I dag er det dans med lilla sokkar, ettersom dei "passste te musikken". Sjølvsagt...
Så lar mammo jento få kjole på, me skrur opp musikken, og the show can begin.
Eg må også dansa ("nett sånn som meg", befalar frøken dings). Så her dansar eg (utan kjole, men med klær altså!), med malarkost i handa, sånn at kjøkkengolvet kan få andre strøk...jada, litt av eit syn!
Bilete er frå ein tidlegare danseseanse, i den flotte balletkjolen som mollo fekk av snille "tanto" på Halsnøy.
Eng: Our little dancing girl, dancing to the sound of the radio.














































