tirsdag 11. desember 2007

Engel



























Hadde vore så fint viss døgnet hadde fleire timar! Einaste julepynt som er komme fram her i huset, er denne skjønne engelen frøken Dings hadde med seg frå barnehagen i går.
Den skal snart få følge av andre englar, så fort me får vekk det nye kjøleskapet (pluss ørten kassar, posar og eg veit ikkje kva) i frå stova...
Eng: Sweet angel, made by my daughter in kinder garten.

tirsdag 4. desember 2007

Mitt 100. innlegg




























Hei! Dette er mitt 100. innlegg på bloggen min, og det er ein knagg! (Pokkers knagga :-)!). Som sagt for ørtende gang, det går veldig tregt dette knaggeprosjektet mitt, men det kjem seg!


Hadde planar om mange kjekke juleinnlegg her på bloggen, men har hatt det veldig travelt (kjekt travelt!) i det siste, med fotografering både her og der, oppussing i fleire rom og alt det andre som fell seg i ein heim med to små apekattar. :-)


Likevel, innlegga skal komma, så håpar de fortset å stikka innom! Set utrulig pris på alle dei fine kommentarane eg får ang. fotografering. Det gir meg tru på meg sjølv og rett og slett glede! Ha ein fin dag!

onsdag 28. november 2007

Fotografering i ein kjekke butikk



























Svigerinna mi er med å driva ein gåve, leike og barnekledebutikk på min barndomheimplass.
Nå har eg tatt bilete av den julepynta butikken deira.
Butikken har også fått laga seg ein blogg, som dei skal ha fram til jul, slik at dei kan lokka folk på julehandel til Halsnøy -verdens finaste øy! :-)
Viss de vil så kan de kikka innom for å sjå fleire bilete:

tirsdag 27. november 2007

Hund



























Her er min vesle skadeskutte hund, som ein kjekke gallerieigar var så uheldig å mista i golvet...

Nokre er uheldige, andre er heldige. :-)

Hunden er nemleg blitt min, veldressert og kjekk!

torsdag 15. november 2007

Out of focus





























Prima Ballerina... :-)
Ha ein god onsdag!
(TORSDAG meinte eg...her går det litt i surr!).

mandag 12. november 2007

Snøen smeltar


















Så var snøen vekk for denne gong! Regn har gjort den om til is, så alle saman, kjøyr forsiktig! Vegane er GLATTE! (Kanskje eg bør bli sponsa av Trygg Trafikk heretter...).
'

Eng: The snow has turned into ice...

lørdag 10. november 2007

Snø!




Jippi, det er snø! Så fint, og sååååå kjekt! Ha ei flott vinterhelg, alle saman!


Eng: Snow, snow , snow! The kids love it!

tirsdag 6. november 2007

Bæ, bæ, lille lam


















Lille lammet til mamma og pappa! :-)
Bilete vart brukt på takkekortet, som de her ser eine sida av.
Brukte også bilete som frimerke. Synes det er fantastisk at me her i Norge kan laga våre eigne frimerker, på posten sine nettsider.
*Håpar at alle har fått korta sine, enten i posten eller handlevert. (Viss ikkje, vær snill å gi meg ein lyd!).
Eng: Showing one page of the card, and the picture I used as a stamp.

fredag 2. november 2007

Takkekorta er sendt...





Eit prosjekt som har tatt litt tid er ferdig! Kryss i taket! Endeleg får alle som gav vetlepusen vår ei "velkommen til verda" gåve, eit heimalaga takkekort.
Nå er korta i posten sine hender, så kanskje de får dei i morgon? Spente?

Eng: Homemade "thank you" cards, for the birth of our beloved babyboy, is finally posted.


Knagg nr.4



Her er det travelt for tida, så litt lite blogging. Knaggeprosjektet mitt går akkuratt så tregt som eg hadde tenkt meg... Kjøkkenet likeså... :-(
Desse hengte eg opp for ei tid tilbake, så då fortjener vel dei å komma på bloggen!? Endeleg har me ein plass for alle veskene, som mamma og vetlajento er lika glad i.