tirsdag 23. oktober 2007

Too much cake...




























Godt å vera 2,5 år, når ein har ete litt for masse kaka... Legg hovudet på bordet, deretter lukk augene og kvil! :-)
Eng: Too much birthday cake. Ready for a nap... :-)

lørdag 20. oktober 2007

Polka Dots



































På vei i
fødselsdagsselskap, i polka dot settet.
Mammo har begynt å få taket på fletting! Endelig!
Vesla mollo vår gledar seg mest til kaker! Masse kaka!


Eng: Going to a birthday party! Happy birthday, Tirill!

fredag 19. oktober 2007

"Super Princess"




















Desse fantastiske illustrasjonane kjøpte eg hos Belle & Boo http://www.belleandboo.blogspot.com/. Dei tilhøyrer Super Princess serien, som er inspirert av og tilegna Ava. Belle & Boo har etterspurt bilete av hennar illustrasjonar i sine nye heimar. Så her er våre, på frøken dings sitt rom!

Skjønne Ava kan de lesa om på mammen hennar sin blogg, http://sheyerosemeyer.blogspot.com/. Dette er den vakraste og flottaste bloggen eg veit om, men også den mest triste. Ava omkom nemleg i ei tragisk ulykke i februar. Bloggen til Sheye Rosemeyer er derfor så uendeleg trist, men utrulig vakker.

Eg vil berre seia TAKK for at du har delt livet ditt på godt og vondt. Det har gjort eit stort inntrykk i mitt indre!


Eng: Showing the fantastic and special illustrations from Belle & Boo, placed in our darling daughters bedroom.

Mandy: Sorry for late feedback, but finally I managed to get the illustrations framed. I love them! Our daughter love them, with all the small details and lovely colours. Thank you for sharing your talent with us!

Sheye: Thank you for sharing your beautiful photos. Your story has deeply touched me. Ava is in my thoughts and prayers.

mandag 8. oktober 2007

Mollys Heaven





















































På vei til fjells så vart det ein liten omkjøyring som førte til shopping...KJEKT!
Besøkte Mollys Heaven på Sotra, saman med andre bloggarar: Den Gode Feen http://blogg.hobbyboden.com/dengodefeen/, Emmeline http://www.emmelines.blogspot.com/, og innehavar Lilly http://memaison.blogspot.com/.



Fantastisk kjekk butikk, med masse fint. Kjøpte litt forskjellig knask, men trur jammen eg gløymte ein lysestake...? Eller er den forlatt på fjellet!?

Tok litt stemningsbilete mellom skravlete bloggarar, kaker, boller og brus. Nam!!! :-)

fredag 28. september 2007

Trollskog










På tur i skogen med små og store vogner. Litt trolsk stemning!

Haust i primærfargar




Haustfargar i primær: Gul, cyan og magenta (nesten iallefall)!
Me tutla oss ein tur i skogen, som er rett her me bur. Fint å gå nå når endeleg slusene i frå himmelen er stengte... La oss få ha sol litt til! Please!

onsdag 26. september 2007

Gold





















Gulljento i gullklede! Cherox (?) skoa er ikkje det dei ein gong var! Eg hugsar godt mine brune. Stive og harde, men mjuke inni. Tidene har endra seg! På min utkikk etter denne typen sko, datt eg over desse gullfarga! Dei lyste og ropte til meg! Så fine! Jippi! Solgt! :-)

Eng: Our darling daughter in her new golden boots!

mandag 17. september 2007

Fotograf?







































Veldig mange spør i kommentarane om eg er fotograf. Tusen takk for det! (Betyr vel at de likar bileta mine?). Eg er ikkje fotograf, men utdanna grafisk designer. Under studiane mine har eg hatt foto som fag, og nyttar ofte mine eigne bilete i grafisk produksjon.


Nå vil eg dela nokre få av mine prosjekt med dykk, gjort då eg jobba freelance:


Dagbladet sitt laurdagsmagasin "Magasinet", nytta mitt bilete og handskrift på framsida. Eg illustrerte også fem sider inne i bladet. Veldig kjekk jobb. Litt stolt over denne, ettersom eg er så glad i å lesa Magasinet på laurdagen.


Den norske Bokklubben si utgåve av Gunnar Staalesen si bok "Falne engler" er det eg som har illustrert. Her er dei blanding av foto, maling osv... Kanskje de har boka i bokhylla?


Cd-cover og promoposters for Emmerhoff & the melancholy babies. Kjempekjekk fotografering med mykje gjørma og sur raudvin! Alt for den rette looken! :-)


Der fekk de veta litt om meg, og det faktum at eg IKKJE er fotograf, men veldig glad i å ta bilete! :-)

onsdag 12. september 2007

...på håve!



























Her står da på håve! Me pussar opp kjøkkenet, og da betyr rot! Kassar med kjøkkenting står inne i stova, i gangen osv. Ting tar tid er det noko som heiter...men nå må me få farten opp!
Sant kjære...??? :-)

onsdag 5. september 2007

Barnedåp



På søndag hadde Den Gode Feen http://blogg.hobbyboden.com/dengodefeen/ barnedåp. Sjå dei skjønne boksane ho laga til gjestene!
Mmmmm...og kven kan motstå sånne deilige rosa muffinsar...nammenam! :-)
Me var på kaffibesøk og smakte på alt det gode og søte som vart servert.
Sjå fleire av bileta eg tok, på bloggen til Den Gode Feen!