
fredag 28. september 2007
Haust i primærfargar


Haustfargar i primær: Gul, cyan og magenta (nesten iallefall)!
Me tutla oss ein tur i skogen, som er rett her me bur. Fint å gå nå når endeleg slusene i frå himmelen er stengte... La oss få ha sol litt til! Please!
onsdag 26. september 2007
Gold




Gulljento i gullklede! Cherox (?) skoa er ikkje det dei ein gong var! Eg hugsar godt mine brune. Stive og harde, men mjuke inni. Tidene har endra seg! På min utkikk etter denne typen sko, datt eg over desse gullfarga! Dei lyste og ropte til meg! Så fine! Jippi! Solgt! :-)
Eng: Our darling daughter in her new golden boots!
mandag 17. september 2007
Fotograf?


Veldig mange spør i kommentarane om eg er fotograf. Tusen takk for det! (Betyr vel at de likar bileta mine?). Eg er ikkje fotograf, men utdanna grafisk designer. Under studiane mine har eg hatt foto som fag, og nyttar ofte mine eigne bilete i grafisk produksjon.
Nå vil eg dela nokre få av mine prosjekt med dykk, gjort då eg jobba freelance:
Dagbladet sitt laurdagsmagasin "Magasinet", nytta mitt bilete og handskrift på framsida. Eg illustrerte også fem sider inne i bladet. Veldig kjekk jobb. Litt stolt over denne, ettersom eg er så glad i å lesa Magasinet på laurdagen.
Den norske Bokklubben si utgåve av Gunnar Staalesen si bok "Falne engler" er det eg som har illustrert. Her er dei blanding av foto, maling osv... Kanskje de har boka i bokhylla?
Cd-cover og promoposters for Emmerhoff & the melancholy babies. Kjempekjekk fotografering med mykje gjørma og sur raudvin! Alt for den rette looken! :-)
Der fekk de veta litt om meg, og det faktum at eg IKKJE er fotograf, men veldig glad i å ta bilete! :-)
onsdag 12. september 2007
...på håve!
onsdag 5. september 2007
Barnedåp


På søndag hadde Den Gode Feen http://blogg.hobbyboden.com/dengodefeen/ barnedåp. Sjå dei skjønne boksane ho laga til gjestene!
Mmmmm...og kven kan motstå sånne deilige rosa muffinsar...nammenam! :-)
Me var på kaffibesøk og smakte på alt det gode og søte som vart servert.
Sjå fleire av bileta eg tok, på bloggen til Den Gode Feen!
onsdag 29. august 2007
Blessed

Hadde egentleg ikkje tenkt å legga ut dette bilete, men synes det er så morsomt at nå gjer eg det. Me gjekk tur i går, og då tok eg dette bilete inni eit lite skogholt. Ser ut så ein liten lysfontene med englekontakt! Go Märtha! :-)
søndag 26. august 2007
Søndag



Å koss eg elskar mine to små! Eg er så takknemleg og inderlig glad for at me har fått desse to unike individa! Samstundes er eg så redd for å mista dei.
I dag sa eg til "frøken grimas" (sjå bilete på toppen).
"Veit du at mamma elskar deg?". "Ja!". Svara ho, for så å sei: "Eg kan kjenna da!".
Dette diktet fann eg på ein annan koselig blogg som eg nå ikkje finn adressa til.
Det vil eg dela med dykk på denne søndagskvelden.
Tru ingen som seier at det gode livet kjem seinare.
Livet kjem ikkje, livet er.
Hold om, og hold av og ha det litt bra kvar einaste dag!
Også denne dagen.
Ynskjer alle ei god ny veke!
lørdag 25. august 2007
Lavendel



Sjå denne skjønne lavendelposen, med nydelig broderi, som eg fekk i posten i går. Fekk den av Trude http://trudeeriksmoen.blogspot.com/.
Tusen takk!
tirsdag 21. august 2007
Epler




Nå har me hausta inn
For at dei skal bli søte i smaken så treng dei sol. Jippi -sola skin!
Eng: Apples from our garden.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





