torsdag 26. juli 2007

Riviera Maison













































Eg har ein yndlingsbutikk, nemleg Riviera Maison, plassert i Alexandrium, i Rotterdam. Ein heilt fantastisk butikk! Huset i logoen er fysisk bygd opp inne i butikken. Det tre-etasjers murhuset bugnar av fantastiske interiør opplevelsar, og alt i dette utrulige "showrommet" kan kjøpast. Butikken MÅ opplevast! (De kan sjå den virituelle visninga frå akkuratt denne butikken, inne på Riviera Maison sine nettsider).

Bror min bur der, ikkje i butikken -det hadde eg gjort :-), men i Rotterdam. Så når han kom heim til sommaren med sin familie, så fekk eg dette frå Riviera Maison (pluss noko til, som ikkje er fotografert).

Veska kan nyttast på begge sider, og er sommarslig og kjempeskjønn. Serviettane matchar veska, så nå kan eg kanskje ha desse i veska, i staden for vipes, for skitne barnekinn...? :-)

Tusen takk!
Eng: Gifts from Riviera Maison, bought in Rotterdam.

onsdag 25. juli 2007

Lilla











Dilla på Lilla!
Nå MÅTTE eg oppdatera, etter diverse truslar... :-)
Ferietid gjere at bloggen ikkje akkuratt er i fokus. Nå er me heimom i nokre dagar, så nå får eg finna på noko som eg kan dela med dykk, her på bloggen!
Her er Frøken fjong i sine nye lilla Crocs, fått av tante og onkel i Nederland.
Fuglen er frå Lindex nattdrakten. "Du ta bilde av den til bloggen min!" Sa min kjære toåring. Skal tidlig krøkast, som god...

tirsdag 3. juli 2007

Skjønne!




Nå er det på tide å ynskja god sommar til alle som er innom her! Det gjer eg med å visa desse skjønne muggene som er nye i huset vårt. Fekk den minste pluss duken av Den Gode Feen. Tusen takk! Den største måtte eg berre ha, ettersom det er sommar og ferie!
God sommar!
Eng: Mugs and jugs from Green Gate. Looks nice in my kitchen!

fredag 29. juni 2007

&





























Måtte visa boksen, der den er blitt plassert. Dette er frå arbeidsrommet vårt, som absolutt ikkje er ferdig, og som ser ut som ei slagmark! Veldig lite lys der, så beklagar fargekvaliteten i bileta.
"&"èn er frå Rotterdam. Den forflyttar seg rundt i huset, fordi den er så fin! :-)
Eng: From our study.

BO...





























Veit at mange lurar på kva overrasking lunehjem.no ville senda til meg. Eg fekk denne boksen som de ser eit utsnitt av, pluss noko meir som eg vil gje vekk, og dermed ikkje visar her! Tusen takk!

mandag 25. juni 2007

Peoner, peoner...































Nydelig lukt av desse utrulig skjønne blomane. Dei minnar meg om tyll, fløyel, skyer...dei er nesten engleaktige!
Eg har plukka litt kvar dag, så nå minkar det i hagen. Tenk så nydelig brudebukettar ein kan laga på denne årstida! Får jo nesten lyst til å gifta meg...he he he he he... :-)


Eng: Flowers from my garden!

fredag 22. juni 2007

10.000 :-)
































Susnet.se, viser statistikk kvar dag, over kven som er innom bloggen min.
Akkuratt nå var nr. 10.000 inne på min blogg! :-)
Dvs. 10.000 unike brukarar! Whooow! Synes det er masse eg, på desse 10 vekene som er blitt registrert.


Tusen takk for at det er nokre av dykk som legg igjen kommentarar! Set utrulig stor pris på det, og blir veldig glad for fine og kjekke ord!


Eng:
10.000 unique visitors in 10 weeks!

torsdag 21. juni 2007

Hugsar de at...






...me rydda i garagen? Då fann eg dette skapet, grønt, med rosemaling (ikkje antikt, altså). Skapet vart kjøpt på 90-talet på Galleriet, i Bergen. Skapet stod i leiligheten som eg delte med "Den Gode Feen" og to og ein halv andre kjekke fear! :-).



Nå har eg mala skapet kvitt, og frøken fjong har fått det til rommet sitt. Ein julefe, som er blitt heilårsfe her i huset, passar alle skattane inni skapet.
Eng: I`ve painted the little cupboard (?) white, and placed it in our daughters bedroom.

tirsdag 19. juni 2007

Sjå kva eg har fått...































Her er nokre av presangane eg fekk til fødselsdagen min. Tusen takk! Likte alt!

torsdag 14. juni 2007

3 ting





























Something old, something new, something...
For mange veker sidan, utfordra Karna meg til å vise 3 ting som eg er glad i. Synes det er vanskeleg, ettersom eg alltid har vore glad i ting, og dermed har ein del. Samstundes så byrja eg å setja spørsmål til dette med "døde" ting. Kva betyr noko? Kva betyr mest? Kvifor betyr dei noko? Betyr dei egentleg noko i det heile tatt? Hmm...kom i allefall fram med desse tinga, om det er masse anna eg får like mykje glede av, og likar nett lika godt! :-)

Nr.1: "Alteret" mitt, med bilete av dei som betyr aller mest i livet mitt, mine små og min kjære. Dette representerar alle bileta eg har, og fotografi, som eg elskar!
Nr.2: Skapet, ein representant for arvegodset frå mine forfedre. Eg har ein del "som ingen ville ha", men som eg syntes var fint. Dette skapet hadde bestemor & bestefar som "finskap" i stova.

Nr.3: Mitt nye fat som eg fekk til fødselsdagen min, av mamma og pappa. Eg vart kjempeglad, for eg hadde ønska meg det. Mamma er snill! :-)



Eg utfordrar: Den Gode Feen, Tussaluso og Hobbyhuset! Good luck! :-)