onsdag 9. januar 2013

H E R O


HEROfactory
G r i s e r
Angrybirds

Har du gutar så kjenner du nok til dette... :-)
(Eit ukjent terreng for meg inntil me fekk ein gut!)

Bursdagen i år vart derfor invadert av Herofactory figurar. Dei gjekk til angrep på godteri og mandariner. Nokre føtter og armar stakk opp frå godteskålene, andre vant slaget og hoverte i toppen av lampen...
Den stolte og glade 6-åringen leika seg gjennom pyntinga! Ho mor lot guten ta seg ut og dempa slaga med ørlite kjærleik for dei ørten figurane... La dei nå få ha hovuda på!!! :-)

Mammo seier takk og pris at neste barnebursdag er i november. 1,5 mnd med tre barnebursdagar, advent, jul og nyttårsfeiring gjere noko med energien i forhold til partyparty :-)

Ha ein kjekke dag!

tysdag 8. januar 2013

B E A U T Y


Så mange vakre, skjønne og kjekke ungar
var innom studioet mitt før jul.
Denne vakre jenta
var ei av dei små tuppeluppene
som hjarta mitt dunka litt ekstra for!
:-)

B E A U T Y



❤FØLG MEG GJERNE PÅ INSTAGRAM ❤


 

fredag 4. januar 2013

B I R T H D A Y


Bursdagstid igjen! 
I dag er det mellombror som fyller 6 år!
Hurra for pusen vår!

Bileta er frå storesøster sin 8-års dag 15. desember.
Stjerner, gull, svart og PINK var den raude tråden...
viss ein skal hevda at det var ein raud tråd! :-)

Nå prøver eg å laga bursdagsbord til morgendagens barneselskap.
Kjenner at eg faktisk heller ville vore gått til sengs...gjeeesp!











torsdag 3. januar 2013