tysdag 27. mars 2012

M I N * T U R











I dag kom det M A N G E barnehageborn på besøk til oss. Avdelingen til storeguten har noko som dei kallar MinTur. MinTur betyr at dei små får kvar sin dag der dei vel kvar dei skal gå på tur. Dei fleste velger dermed å gå heim, for å visa kvar dei bur. Min son, ingen unnatak!  I dag vart det litt "VårTur", avdi besteveninna til godguten er næraste nabo og går i samme barnehageavdeling. Kvar valgte ho sin tur...jo sjølvsagt, heim! :-)
Derfor tok eg i mot to stk. krye og gjørmete bestisar som viste fram heimane sine (hagen). Ungane var ute i sola og leika med litt Duplo, mens dei koste seg med kjeks, frukt og forfriskningar.

Det er ikkje forventa at foreldra er heime eller tilberedar noko, når MinTur blir arrangert. Sidan eg er heima i mammapermisjon så er det vel akkuratt nå eg kan ta meg tid til slikt. Eg heiv derfor ut pledd og puter så ungane kunne sitja på, pynta litt her og der. Enkel og billig moro som sugerøyr og mine små flagg (innkjøpt i Nederland for nokre år sidan) gjere alltid suksess. Plutselig blir appelsina ei festappelsin! Må sei at eg var litt på kanten fargemessig...ein ufattelig mix som på eit tidspunkt skjerte litt i augene! :-D

Kjenner meg pittelitt trøtt nå - det er godt det er kveld. Kjenner at det siste storebror sa før leggetid i kveld ikkje var rett tidspunkt for mine øyre: "Mamma, detta e`berre bjynnelsen - nå bjynne dei på neste runde!"... :-D

søndag 25. mars 2012

F J Ø R




I desse "englefjørtider" finn eg som mange andre fjør både her og der.
Har fortsatt til gode å finne fjør i lommeboka,
men ein skal aldri sei aldri...

Den aller største fjøra i vår heim ligg i sofaen.
Ei fjør i hatten eller ei fjør i puta.
Eg valgte fjør i puteform.
Hatten får venta!

:-)


P.S: Fjørputa kjøpte eg på Ølen Møbler!

fredag 23. mars 2012

G R E E N




Grønt er skjønt
og årets farge!

Litt grøne detaljar frå heimen i dag!

Sola skin, fuglane syng - det er vår!

:-)

tysdag 20. mars 2012

F O R E V E R




...A N D  E V E R

:-)

Fekk dette skjønne bilete i bryllaupspresang av to av søskenbarna mine.
Blide og dyktige Bjørg Thorhallsdottir er kunstnaren.


Tusen, tusen takk! 

søndag 18. mars 2012

4 M N D


Stor, liten gut på 4 månedar.
*Litt for stor til å bli heist opp i eit tørkle...men me prøver!
:-)

torsdag 15. mars 2012

M E M O R Y L A N E





Kikkar på gamle bilete.
Kjenner vedmod og glede.
Vedmod over at tida går så fort.
Glede over at eg har ein liten baby
som fortsatt er liten baby!

:-)

*Påminning at tida nå med små fotelotar og babylukt må nytast!

måndag 12. mars 2012

fredag 9. mars 2012

H A L V T ♥ Å R



I dag har me halvt års bryllaupsdag... :-)

Den utrulig boblande og euforiske kjensla
eg hadde den dagen for 6 månedar sidan,
kan ikkje beskrivast!

Lengtar tilbake til New York!

G O D E  H E L G !