søndag 25. september 2011

M E S S E S U K S E S S



DEN SOM INTET VÅGER INTET VINNER!

er blitt ein herlig suksess!

Kunstutstilling, sofaprat, fantastiske utstillarar, MASSE folk, latter (MASSE latter), hjartevarme, design, jummi cupcakes :-), gode vener, flinke folk, hotellweekend, inspirasjon, nye relasjonar, modige valg, nydelig mat og seine kveldar! 

Rørt til tårer!


tysdag 20. september 2011

REMEMBER TO LOVE





10 år etter
besøkte me Ground Zero.

Ei oppleving som rørte og gjorde sterkt inntrykk.

R E M E M B E R  T O  L O V E

TITT TITT


Med eit gamalt bilete av trultemor,
ynskjer eg dykk ein fin dag!

 :-)

måndag 19. september 2011

P U T E K R I G


Putekrig er utrulig kjekt!
Men jøssenavn kor mykje dun det er i ei pute!!! :-)
Ikkje lurt å vera allergisk når ein er på fotoshoot med Rett Hjem...
:-)

Bladet som er spekka med lekre puter og anna er nå å
finna i postkassane for dei som bur i Bergen og Stavanger.

Me andre kan kikka i bladet på nett.

Ha ein gode dag!



søndag 18. september 2011

F R U ♥ B O


Så forelska. Så glad.
Begge to svarte JA!


Dette var meldinga me sendte til familie og vener den 9.9.11.
Meldinga kom i frå to lykkelige sjeler, i Manhattan, New York!

Utan at nokon visste det, så gifta me oss! :-) Etter 12 år i saman så vart det vigsle i den byen som me aller fyrste kveld me møttes, snakka om å reisa til.

Ikkje noko kvit brud her - kjolen frå Calvin Klein var svart, og kjøpt to dagar før vigsla.

Brudebuketten (som overlevde å reisa over Atlanterhavet, heim til Norge - sjå bilete) vart kjøpt på ei is/pizzasjappe. Ein kvit hårstrikk frå storesøster bandt den saman! :-)

I skinande sol kjørte me med gul NY taxi til City Hall. Der i mylderet av ventande brudepar møtte me eit skjønt mannlig par frå Manhattan. Dei vart to supre vitner, som gjorde dagen enda meir uforgløymeleg! Med Broadway som arbeidsplass, så kunne dei verkeleg applaudera! :-)

Bryllaupsfotografen var storesøster som er 6 år. Med sitt nye kamera gjorde ho jobben! At pappen manglar halve hovudet på dei fleste bileta, skit me i! :-)

Nå er me happy & nygifte.
Feber og halsevondt betyr liksom ikkje noko!

laurdag 17. september 2011

I ♥ N Y












Er tilbake etter ein fantastisk ferie i New York.
Turen som var bursdagspakke til mannen frå meg,
vil eg utropa til verdens beste presang! :-)
Nå er me tilbake, store og små, lukkelege, trøtte og glade!
G O D   H E L G !

torsdag 15. september 2011

B L O G G K O N K U R R A N S E


I dag er det siste frist for innlevering av bilete til bloggekonkurranse.
Vinnerbildet sendes til trykk og blir blåst opp i stort format på messen.

om bloggekonkurransen!

SETT AV DATO FOR INTERIØR & BOLIGMESSEN,
GRIEGHALLEN 23.-25. SEPTEMBER 2011.


M E  S N A K K A S T !
:-)