tirsdag 29. mars 2011

V I N T E R


Fant nokre bilete som vart tatt før jul til julekorta.
Kjekke storesøster på den gamle kjelken broren min og eg hadde som små.

Vinter var det når bilete vart teke, og vinter er det nå.

La det bli vår!

Gode tirsdag

lørdag 26. mars 2011

M O R G O N



trøtt
V A K E N
Frost
SOl
Laurdag
Frukost
Godt
Fri
M o r g o n s t u n d



fredag 25. mars 2011

L U N C H


Herlig fredagslunch frå Slabberaset i dag,
samt deilig urtebrød til vennesamkomst i kveld.
Kylling og bacon foccacia med karridressing vart dagens lunch,
og da smakte rett og slett fortreffelig...mmm...
:-)
*Synes det var så fint innpakka at eg måtte ta bilete av det.

Kjekk start på helga dette!

G O D  H E L G




torsdag 24. mars 2011

S T O V A 2



Litt fleire bilete frå stova vår med fine blomar på bordet!
Fekk blomar på døra i går!
Så kjekt! Så snilt! Så overraskande!

T U S E N  T A K K !

Ha ein kjekke dag!
:-)



onsdag 23. mars 2011

D E T G O D E L I V


Kvinnheringen gav i dag ut magasinet
"Det gode livet i Kvinnherad"
så kan du lesa heile bladet.
:-)

Framsida, samt ein del bilete inni er fotografert av meg.
Bileta av den flotte dama med raudt silkeskjall er teke på kvinnedagen, på taket!!!
Her er link til bloggen hennar: Marihøno 

 *   Det er også eit intervju med meg i dette magasinet...iiiiiikkk!
:-)

mandag 21. mars 2011

L A U R D A G



Stilig kalender som gjer at du ikkje tvilar på kva dato det er.
T u s e n  t a k k , s n i l l e  d u !
*K A L E N D E R E N    E R    K J Ø P T    P Å  K A M E L O N E


Eit "must" på laurdagen for meg er Dagbladet med Magasinet.
Eg les det aller, aller meste, til og med Robinson & Fredags spiseguide .
Om eg sjelden et middag i Oslo, så er eg ganske greitt informert kor ein bør gå,
eller absolutt IKKJE gå! :-)

Men mest av alt gler eg meg til dei fantastiske illustrasjonane til Lisa Aisato.
Laurdagens fantastiske strek skuffa ikkje!
:-)

Eg  G L E R  meg til neste laurdag!


onsdag 16. mars 2011

T I M E



T I M E   F O R   W E D D I N G




Dette brudeparet var eg så heldig å få følga i frå foto og design av invitasjonar,
til fotografering gjennom heile den flotte bryllaupsdagen
(eg hang på slep :-) både hos frisør, i kyrkja og etter),
samt design av takkekort.

Det skjønne paret likar ein litt romantisk og sliten "vintage" stil.
Bileta som blir brukt i takkekortet har derfor fått dette uttrykket,
kombinert med ein fine songtekst som har fulgt paret heile vegen.


 
Se meg, kim eg e
nå idag så fins eg her
Se så stolt her eg står
her ved di sida.

Eg kan om du tror
vera mann liten eller stor
nå idag så vil eg ver
den du trenge.

Finn kraft her hos meg
kvil ut, eg vogge deg
nå idag så trenge eg
å konna ver den mann eg e
og kjenna at eg fins for deg.

Kom sol, kom te vårt hus
kom lykke og hjelp oss ut
gi oss råd, gi oss fred, alt me vil og alt me kan
e å kjenna at me fins for kverandre.


Vidar Johnsen






G O D   O N S D A G

søndag 13. mars 2011

S O F A K O S




Alle ungar likar å bli lest for, mine ingen unntak!
I dag har me derfor pløya oss gjennom bok etter bok.
Nokre dørgande kjedelige (for meg), andre veldig morosame.
Den svenske boka "Gittan och algbrorsorna" likar me alle tre.
Elgar som drikk vatn i doskåla er humor som går
rett heim hjå ein 4 og 6-åring,
samt ei mamma på 37!
:-)

G O D   S Ø N D A G S K V E L D

lørdag 12. mars 2011

S T O V A 1


Etter den kjekke turen til Ølen i går vart eg så inspirert til å rydda, vaska, dilla og dalla. Flytta rundt på tepper, skåler og anna, gjer ofte susen - ting føles som nytt! Med åndo over meg fekk me til og med hengt opp røvarkjøpet for nokre år sidan; BTC lampen som vart kjøpt på Mint sitt opphørssalg for kr. 500,-!!! Hiha! :-D
Lenge har eg lovt Den Gode Feen å visa meeeeiiiir :-) av hus og heim, men synes av og til det er så vanskelig... Inspirert som eg vart i går, vart det litt lettare å ta nokre bilete i dag. Fleire bilete skal det bli, så eg kallar dette innlegget: S T O V A  1.

*Sommarfuglbilete og svart Tolix krakk var noko av det eg kjøpte i går. Eg er så fornøyd!
Dei andre bileta er gamle krittteikningar som eg har laga sjølv. Rammene frå IKEA med bileta inni har vore med meg i 15 år! :-)

Ha ein gode laurdag!

JAPAN

fredag 11. mars 2011

P E A C E


P E A C E  &  L O V E

Ein fantastisk butikk er besøkt i dag.
Navnet Ølen Møbler lyder kanskje ikkje så spenannde,
men sann deg mine ord: Det er den!!!

Besøk innehaver sin blogg, for inspirasjon og bilete frå butikken:

Så mykje kjekt var det her inne, at det får bli havresuppa ei tid framover...
:-)

Nå skal eg vaska og rydda i heimen.
Samt å gå ut i hagen for å klippa litt greiner til vasane.
Rett og slett kosa meg litt!
Så skal eg ta fleire bilete når det er rydda litt.

G O D   F R E D A G !

*Vonde bilete frå Japan - satte ein dempar her nå...

torsdag 10. mars 2011

K A F F I M A S K I N


På kvinnedagen var eg på eit veldig kjekt oppdrag i Rosendal.
*Kjempekjekt oppdrag der motivet måtte klatra opp på taket... :-)

Til poenget: Sist gong eg var i Rosendal kom eg over den knallfine kaffimaskina Francis Francis X7 på butikken Årmann. Eg er ikkje akkuratt ei "kaffikjerring", men så er det jo noko med det at mange gjester er det... (god på å finna unnskyldningar for eit innkjøp).
Kjempefine maskin som er best i test, og som passar ganske så godt til resten av kjøkkenet. Syns eg. Basta. Bom. :-)

Så nå er maskina mi, eller rettare sagt vår!
...eg får eg vel berre øva meg på å lika kaffi...
:-)


Ha ein gode kaffi kveld!


Eit kjekt tips:
I N S P I R A S J O N !

søndag 6. mars 2011