mandag 28. juni 2010

Til skogs


Konfirmasjonsfotografering i skogen!
Nydelig jenta i herlige omgivelsar.

Ein knallkjekke ettermiddag! :-)



torsdag 17. juni 2010

I sommaravisa! :-)


I dag kom Sunnhordland si fine sommaravis ut til publikum.

"Mi" skjønne brud fekk æra av å pryda coveret!
Jippi!
:-)

Artikkelen inne i avisa er kjempefin,
og har tittelen sommarbryllaup.





Her er eit bilete som er med i artikkelen,
og som er frå eit av mine siste sommarbryllaup.
Herlige sørlandet!

onsdag 16. juni 2010

Vind i håret


Denne herlige jenta fotograferte eg ein dag.

Sommarkjensle?

Jaaaaa!!!
:-) 

tirsdag 15. juni 2010




Litt friske sommarfargar på bloggen.

Me prisar sommaren!
Smask!

Mat på eit fat


Å så godt det er med mat.
Diverre.

Så alfor godt!

:-)

I desse bursdagstider så har det blitt mykje mat.
Det gode.
Det salte. Det søte.
Det sure. Det sterke.
Det meste...

Tenkte at i dag var dagen for knekkebrød.
Heilt til eg passerte haugen med pannekaker.
Nå er det kun ein halv haug att...


Håpar dykk har betre viljestyrke enn meg!
:-)

mandag 14. juni 2010

Harmoni...



Harmoni

eller ei.


:-)

Våre to små som er nett slik som andre ungar er.

Kranglar
Grin
Sutrar
Tiggar
Ber
Skrattar
Syng
Jublar
Ler

Derfor er me så veldig glad i dåke! Mamma ♥ Pappa

søndag 13. juni 2010

ST♥R dag!


Hipp hurra for pappen i huset,
som har STR dag i dag!

Masse, masse glad i deg!

♥♥♥
Suss & klem

lørdag 12. juni 2010

Bloggen anbefalt i KK


På facebooksida til BO design & foto
fekk eg tips frå Elisabeth (tusen takk!)
om at bloggen min var anbefalt i siste utgåve av
bladet KK (Kvinner og Klær).

Bladet er innkjøpt her i husstanden også!
:-)
Tusen takk til redaktør for KK.no, Ine -for kjekke ord!
Vart veldig glad eg!

*Det må seiast at eg skulle også gjerne hatt nytt hus. Vårt hus bygd på det glade 70-talet er ikkje akkuratt det gjevaste. Punkterte vindauge til dømes er ikkje så veldig fint...

fredag 11. juni 2010

Blomsterbud



I går kom det eit blomsterbud på døra.
Avsendar hadde sendt desse nydelige peonene.

Tusen, tusen takk!

*Ettersom du sjølv har fødselsdag i dag,
så får desse bileta vera mi gåve til deg!
:-)

Alle saman; God helg!

***Jada, eg skal ta fram støvkluten på osteklokka...:-)

SOMMARbursdag






Tusen takk for alle helsingar i går!
Eg hadde ein strålandes dag frå morgon til natt! :-)

Vart vekt om morgonen av mine kjære med song, muffins, lys og gåve.
Hadde kjekt fotooppdrag med ein skjønn familie, ute i det nydelige vèret.
Fekk koselig nabobesøk om kvelden med mat og drikke.
*Tusen takk for supre uteputer! :-)
**Tusen takk Plutti Plott for gavekortet på frk. Lande!
(Det er allerede brukt opp - den grøne lemonadekassa er ein av tinga eg fekk av deg, snillingen!).

Nå er det enda eit år til min neste "day of glory"!!!
Eg er nemlig av den typen som nyt å ha fødselsdag,
og ikkje klarar å halda kjeft om at det er min dag...
Kundar, butikkannsatte, barnehagefolk osv. vart derfor alle informert om at "eg har bursdag"! La det vera klart at eg på ingen måte synes dette er eit sånt veldig flott trekk ved min personlighet, men klarar diverre ikkje å tolma det... :-)


Ha ein strålandes dag!

torsdag 10. juni 2010

tirsdag 8. juni 2010

Putejakt! Puteboks...


Sidan sola skin så trekker me ut. Ut til middag i hagen. Ut for å sjå ungar som plaskar i bassenget. Ut for å sitja ned å nyta livet. Så sit me der på møblar som burde vore mala. På benker og stolar som manglar puter.

Kvart år dukkar samme, gamle problem opp. Putene er ikkje her. Gone! Vekk!

Eg leitar. Eg trur at mannen leitar. Trudde. Inntil nyleg. Under middagen på vonde putelause benker ymta han frampå om noko eg hadde sagt i fjor. At eg hadde sagt at alle puter som hadde fått blåmann osv. berre kunne hivast... Har eg? Hmmm. Hukommelsen min er ikkje det den ein gong var, så eg haldt kjeft. Held fortsatt kjeft. Han har sikkert rett...kanskje. Diverre.

Nå skal eg derfor gjera ein ting. Eg skal på handel. Kjøpa ei sånn putekasse. Grunnen til eg ikkje har gjort det før er kun pga. putekassane sitt ytre. Slemt, men sant. Men nå skal eg vera så jysla fornuftig at eg skal kjøpa den førsta og besta. Da skal bli orden på puter og benkar! Hmmm... Kanskje.



Da e`sommar!

JipPi
:-)

mandag 7. juni 2010

Time to chill


Ein litt sliten, liten kar ete middag på Mc`Donalds.
Pittelitt "segen" etter ein opplevelsesrik dag i Dyreparken. 


Me er jo såpass til "bondeknølar" at å eta på
ulike burgersjapper på ein måte blir litt eksotisk...
Heheheehehe...
:-)

Bilsjuke ungar? NO MORE!


Å reisa på biltur misser litt glansen når spyet flyg mellom stolseta, når ein må stoppa på aude vegar kvart 10. minutt, når sneiken av galle overgår wonerbaumen...

Eg såg derfor på turen til Kristiansand med litt skrekkblanda fryd. Når så minstemann som ikkje før har vore bilsjuk kasta opp før Haugesund, så såg eg svart på det...kan du sei...
Men redninga var nær. Apotekdama i Haugesund vart dagens helt. Ho pusha på meg noko som heiter Seaband.

Så absolutt inga nyoppfinning har eg funne ut i etterkant, men absolutt nytt for meg! Så kanskje det er andre som  ikkje har høyrt om dette -spre budskapet! (Litt vekkelse stemning...:-)).

Og da besta: Ja, da virkar!!!
Bilturen vart som ein før - etter historie, der alt var så MYKJE betre etter!

søndag 6. juni 2010

Rått hotell



Rått i positiv forstand!

Sidan torsdag har me budd på
Clarion Hotel Ernst i Kristiansand.
Hotellet er nyoppussa (ferdig i april).

Interiørstilen er rett og slett litt rå!
STORE lysekruner, STORE krukker, revolverlampar, lysdioadar, marmor og blanke flater, tjukke tepper, ornament og søyler. 
Glamour meets mystikk og rock `n roll!

Om dette er langt frå min personlige stil så syntes eg det var rågøy!
Eit interiør som nesten er på kanten til å vera "to much",
men som klarte for min del å utfordra og engasjera.
Rått og kjekt!


Men...kva med heisen? Var pengane oppbrukt eller vart den gløymt...
Ei avdanka gammal korketavle limt på veggen som dekor var alt den hadde å by på.
Sjølvsagt så kan jo dette vera ein oppmoding om heller bør gå trappene,
men eg syntes ikkje at trappeavsatsane heller
"hang" heilt med etter det førsteinntrykket...
Vil tru at da ordnar seg nok!
:-)

Øverste bilete er frå matsalen. Vil tru gulltrappa er frå det "gamle" hotellet?
Nederste bilete er ved utgangen -me har sjekka ut!  




fredag 4. juni 2010

Herlige Kristiansand!



Det må fyrst seiast: Desse bileta har ingenting med Kristiansand å gjera! Desse er av ein liten og veldig uskuldig broremann, ein sommardag på Halsnøy.

Men akkuratt nå er me i Kristiansand -og her kjennes det ut som ein fantastisk midtsommarsdag på vestlandet! Kristiansand har vist seg frå si beste side. Varmt og herlig! Nesten ei kjensle av syden! Me har kost oss så masse at det blir nesten litt hardt å reisa heim på søndag.

I dag var me vore i Dyreparken. Me har kjørt "Nilen" og bob-bane, besøkt Kardemommeby, Kutoppen, Skomakergata, Kjuttavika og alt det som burde sjåast. Eg har møtt ein kjekke blogg-lesar (hei til deg!!!). Me har vore på handel og me har vore på ei strand der ungane fekk bada. Sikkert ikkje den stranda som vanlegvis blir brukt til bading...det kom nemleg nokre digre svaner å "skremte" oss vekk...:-)

Grunnen for eit Kristiansandsbesøk i travel jobbetid, er eit kjekt oppdrag for BO design & foto. I morgon er det derfor jobbing for ho mor, men gler meg veldig til det også!

Merkar at eg rett og slett er litt "høg" her eg sit å bloggar. Men så er jo hotellet eg bloggar frå ganske så stilig også! Ref. storesøster: Hotellet er FANTASTISK! Seier meg heilt einig...

Ha ein knallfin kveld! 

Over frå Kristiansand! :-) 

onsdag 2. juni 2010

Memory lane



Denne veska kjøpte eg for fleire år sidan, men den er fortsatt så inderlig bra!
Nå når eg tenkte å visa den på bloggen,byrja det å demra for meg...
Denne er vist før!

Ein surferunde i gamle innlegg førte meg til dette i 2007:

Veska var utgangspunktet for fargane så vart brukt i oppussing av kjellarstova vår.
Mitt knallgule bord vart kjøpt på IKEA i 2006, for 29,- kr!!!
Hugsar eg hadde veska med meg på ulike butikkar for å
finna interiørartiklar i knallgult og rosa,
men var visst litt tidlig ute...eller kanskje for sein? :-)

Forrige epoke gult var hot var når eg gjekk på skule på Voss i -92(?).
Mi knallgule tekanne (som eg ynskte meg over alt på jord),
puter og koppar er fortsatt med meg...ein eller annan plass.
Forskjellen er ein nyanse i gulen. Dagens gul er klarare enn den "forrige".
Iallefall er det mi vurdering...

Ha ein fargerik og knallgode dag!
:-)