fredag 30. april 2010

Småflasker


Desse småflaskene kjøpte eg i fjor.
Ei eske til meg og ei til mi kjekke svigerinne.
På koselig besøk hos ho kom eg på mine flasker...
For mine låg fortsatt i ei eske heime, mens ho hadde sine i bruk.
Fine var dei! :-)

Etter flaskejakt i heimen vart dei funne og endeleg tatt i bruk!

Nå er flaskene hengt opp i lysekrona,
etter ei vandringsøkt rundt om i stova...

Skjønne!
:-)

torsdag 29. april 2010

Summer feeling


God MoRgon!

Håpar desse bileta frå stova vår kan vera som ein vitamindose på ein grå vårdag!
Dei gule tolix-krakkane mine står til vanleg på kontoret mitt. Men når den utrulig morsomme og knallgule kaffi/tevatn-kanna kom heim (i frå frk Lande), så måtte den få litt gult selskap... :-)

Knallgult og rosa er ein kombinasjon som eg likar godt, både i interiør og blomar. Heldigvis fins det litt sånne blandingsbukettar med slik fargekombinasjon hos Mester Grønn. Skulle berre ynskja at dei avskårne blomane varte evig...nesten...

Det er iallefall friskt og godt å komma inn i stova om morgonen! Å nå fekk du også ein liten kikk!

P.S: Me pleier ikkje å bruka rosa pels her i huset til dagleg (ref. det øverste bilete).  Det er restar etter bursdagsklede brukt av frøken fryd... :-)

onsdag 28. april 2010

Haircut by mum





Ikkje eit vondt ord om alle frisørane der ute
-dei ville ha gjort denne jobben mykje betre!

Denne karen (stakkars) har diverre ei mamma som klipper han.
Eg klipte av han krøllene.
Eg klipte "bøtteklipp" på han.
Eg klipte frisyre med lang lugg.
Ja, stakkaren har fortsatt ikkje vore til frisør.

På søndag måtte han under saksa igjen.

Resultatmessig så ser klippet ok ut
-dvs. på venstre sida av hovudet hans...

Det ser også ok ut viss eg er i nærleiken,
ettersom eg då kan fiksa det -konstant!

Så nå vurderar eg bestilling av frisørtime på eit halvt hovud...
Halv pris?

:-)

onsdag 21. april 2010

På trappa...


Travle tider...
...men denne blomekvasten på utetrappa stoppa
eg opp for å fotografera ein dag -
for den synes eg er så fin. :-)

Inne har eg pynta med nokre greiner frå buskar og kratt ute.
Bør utnytta denne tida på året til slikt..

Dette vart iallefall eit full fart innlegg
-eg er i live!

Ha ein gode dag!


torsdag 15. april 2010

PIP


Hadde kjekt kundemøte på tirsdag.
Fekk bruka dei nye PIP
tinga mine frå
Kjekt!

Ha ein gode dag!

mandag 12. april 2010

Red shoes

Ein nydelig dag for knallraude småsko, kjole og is!
:-)
Det er vår!!!

Sko kjøpt på Kappahl.
Kjole kjøpt på Litle Blå.

lørdag 10. april 2010

Det hjertet er...


"Det hjertet er fullt av renner munnen over med"

seier eit ordtak som passar til bloggen min...
Den renn nemlig over med innlegg der ungane er med.

Ordtaket er derfor omdøypt her i dag til:
"Det hjertet er fullt av renner bloggen over med"


:-)

Ha ein god laurdag!
Her er det fotografering av både familie og bryllaup.

fredag 9. april 2010

Peonglede


Eg fekk peonar av snille frk Lande, ein dag for nokre veker sidan.
Om blomane var komme litt langt når eg fekk dei i hus,
så har eg faktisk ikkje hive dei før i dag!
Dette er blomar som tålar (iallefall i mine auge) å sjå litt rufsne ut!
Står faktisk i stil med da "rufsna" huset vårt,
og me som bur her...
:-)

torsdag 8. april 2010

Påskeegg


Nokre glimt i frå påskeaktivitetar på hytta.
Er ikkje så ofte at malarsakene kjem fram,
om ungane synes det er veldig kjekt.
Litt seint med påskebloggeinnlegg, men sjit la gå!
:-)


onsdag 7. april 2010

Den fyrste buketten


Me har hatt ei gode påske på hytta.

...Så var det tilbake til kvardagen med eit brak...
:-)

Den fyrste buketten med blomar er komme innomhus.
Plukka (eller skal me seia "røska opp") av to små håpefulle.
Fine er dei!


Ha ein fine vårdag!